Hopp til innhald

Fagstoff

Monopoloppløysing på 1980-talet

NRKs monopol på kringkasting vart avvikla i 1981. NRK fekk ei friare stilling og vart ei eiga stifting i 1987. Reklamefinansierte lokalradioar kom på lufta, og som eit mottrekk oppretta NRK den nye radiokanalen P2. Norsk fjernsyn fekk òg konkurranse frå internasjonale TV-kanalar.

TV3 var den første kommersielle nordiske aktøren på den norske TV-marknaden. Nye TV-format publikum vart gjort kjent med, var talkshow og såpeseriar.

Kringkastingsmonopolet blir oppløyst

I mai 1985 kom stortingsmeldinga "Om ny mediepolitikk", der Kulturdepartementet gjorde det klart at ein tok sikte på å oppheve NRKs monopolstilling, og at det innan utløpet av forsøksperioden for nærkringkasting ville bli foreslått lovendringar som oppheva monopolet. Til gjengjeld vart NRK lovd ei friare stilling enn tidlegare i administrative og økonomiske saker. NRK vart ei eiga stifting frå 1987.

Les meir om forløparen til denne stortingsmeldinga

Slår ein opp på artikkelen om Norsk rikskringkasting i førsteutgåva av Store norske leksikon frå 1980, blir denne avslutta slik: "Lokal og regional bruk av radio og fjernsyn har fått betydelig omfang i mange land, og kringkastingsmønstrene er under omforming. Forslaget til ny kringkastingslov (1979) tar imidlertid ikke opp slike perspektiver, som sikkert vil prege norsk kringkastingsdebatt i 1980-årene."

Det er sjeldan ein leksikonartikkel blir avslutta med profetiar om framtida. Det spesielle ved denne formuleringa er dessutan at artikkelforfattaren heiter Lars Roar Langslet, som skulle bli kulturminister i den reine Høgre-regjeringa Kåre Willoch danna i 1981. Og det var han som på ein pressekonferanse 16. desember same år avvikla NRK-monopolet etter 48 år.

Nye lokalradiostasjonar på lufta

Ved ei lovendring i 1971 hadde Stortinget gitt andre eit avgrensa høve til å drive kringkastingsverksemd. Det var gitt elleve slike konsesjonar mellom 1975 og 1981, i hovudsak med avgrensa varigheit til student- og elevradioar. I 1981 vart det gitt 50 prøvekonsesjonar fram til 1984, fordelte på 10 frekvensar/sendarar.

Allereie 17. desember var lærar og radioamatør Steinar Aabø på lufta med Mjøsradioen, som etter kvart skulle bli driven av elevar ved Hedmarktoppen folkehøgskole. Utover våren 1982 let ei rekke nærradioar høyre frå seg. I februar vart Radio RV etablert i Trondheim, og i mars kom Radio Vest i Stavanger på lufta med elleve konsesjonærar, alt frå ulike misjonsselskap til Rogaland idrettskrets. Rolf Pedersen, som dreiv Siddis Radio, var allereie godt kjend for piratradioverksemda si og hadde i 1980 starta Norsk Nærradioforening med formål om å oppheve NRK-monopolet.

Kulturminister Lars Roar Langslet hadde i 1981 vore i sterk tvil om avisene skulle få høve til å drive nærradio. Det vart til at kommersielle aktørar ikkje fekk sleppe til. Ved den nye konsesjonsrunden frå 1984 til 1988 slapp likevel avisene til òg, og talet på konsesjonar vart utvida til 381, fordelte på 103 stader.

Mange stader i Noreg vaks det opp små og store radiostasjonar, men dei fekk ikkje lov til å ha reklame i sendingane sine. Det gjorde at dei hadde veldig vanskeleg for å tene pengar nok til lønn og andre utgifter. I Dagsrevy-klippet ovanfor, som er frå 4. mars 1987, forklarer ein dei største nærradioane i Oslo, Radio Motor, kvifor nesten alle nærradioane i Noreg vil gå til aksjon den etterfølgjande fredagen. Då blir dei ordinære sendingane stengde ned. I staden for blir det publisert eit krav om at ei finansieringsordning for nærradioar må komme på plass. Nærradioforbundet meiner at det er på tide at politikarane vedtek at nærradioane kan sende og ta seg betalt for radioreklame.

Ut frå erfaringane vedtok Stortinget lov om nærkringkasting 27. november 1987. Lova opna for reklamefinansiering – avgrensa til seks minutt i timen. Radio Kvinesdal var først ute med lovleg radioreklame, men fleire følgde snart etter. Og det vart etablert ein "riksdekkande" konkurrent i Radio Nettverk, som laga korte nyheitssendingar kvar time som dei sende igjennom 30 ulike nærradiostasjonar mot å få 25 prosent av reklameinntektene deira. Lov om nærkringkasting vart oppheva frå 1994, då ei ny lov om kringkasting tredde i kraft.

Eit sjølvstendig P2 til Tyholt

NRK hadde frå 1. september 1984 styrkt radiotilbodet sitt med ein ny kanal, NRK P2. Medan NRK-leiinga var oppteken av å samordne programtilboda, var kulturministeren først og fremst oppteken av at det skulle skapast konkurranse òg internt i NRK. Derfor vart den 59 år gamle pressemannen Arne Bonde hausten 1983 tilsett som kanalsjef, og Trondheim vart valt til hovudsete for kanalen.

Les meir

Allereie i 1960 var spørsmålet om ein andre radiokanal teke opp med Telegrafstyret. Då Hans Jacob Ustvedt i 1962 overtok som kringkastingssjef, kom det meir entusiasme inn i planlegginga. Men likevel var det først då langtidsplanen for NRK 1975–85 vart behandla av Stortinget, at det kom verkeleg fart i sakene. Halfdan Hegtun, som hadde overteke som programdirektør for radio etter Torolf Elster, såg for seg at den nye kanalen først og fremst skulle bli ein distriktskanal. I tid fall jo dette òg saman med utbygginga av distriktskontora. Bjartmar Gjerde hadde overteke som kringkastingssjef i 1981, og han innstilte på at den nye kanalen skulle ha hovudkontor i Oslo, og at den unge distriktssjefen i NRK Sørlandet, Tor Fuglevik, skulle bli kanalsjef. Kulturminister Lars Roar Langslet ville det likevel annleis.

Satellittar og kabelselskap

Også NRK Fjernsynet fekk ein viss konkurranse på 1980-talet. Dette var tiåret då store internasjonale aktørar fekk auga opp for dei moglegheitene som låg i moderne telekommunikasjon – dels ved at tradisjonelle industrikonsern begynte å investere i mediebransjen, og dels ved at store statlege aktørar vart delprivatiserte og utvida verksemdsområdet sitt.

TV3 var den første kommersielle nordiske aktøren på den norske TV-marknaden. TV3 var det største av Viasats fjernsynstilbod i Noreg, som igjen var ein del av det svenske Modern Times Group (MTG). MTG var eigd av Kinnevik-konsernet. Då TVNorge starta sendingane sine 5. desember 1988, var dei det første heilnorske nasjonale reklamefinansierte fjernsynstilbodet. Bak etableringa stod Hallvard Flatland, Ola Grønvold, Erik Rynning og Ola Steinsrud.

Les meir

Frå 1981 vart Sky Channel formidla i norske kabelnett. Den australsk-britiske mediemogulen Rupert Murdoch overtok selskapet Satellite Television i 1983, og det fusjonerte i 1989 med British Satellite Broadcasting (BSkyB) med 16 000 tilsette. I 1987 kom Super Channel som var eigd av ITV, eit nettverk av kommersielle TV-kanalar i Storbritannia. Både Sky Channel og Super Channel hadde fått konsesjon til å bli distribuert igjennom norske kabelselskap.

Då TV3 på tilsvarande måte ville starte norske sendingar sende på satellitt frå Storbritannia og distribuerte igjennom norske kabelselskap, nekta kulturminister Hallvard Bakke først å gi kanalen konsesjon til å sende via kabel i Noreg, fordi kanalen var reklamefinansiert. Janko Kabel-TV avviste at departementet hadde lovheimel til å nekte slik distribusjon, og Norsk Kabel-TV Forbund anka saka til Kongen i statsråd. Kanalen sende opningssendinga si nyttårsaftan 1987, og presset frå opinionen førte til at Bakke snudde og gav kanalen konsesjon i januar 1988.

Tekst-TV – den hemmelege vinnaren

I februar 1983 starta NRK prøvesendingar med tekst-TV. Tilbodet var frå starten først og fremst tenkt mest for høyrselshemma, men sjåartala vaks raskt. Det er all grunn til å karakterisere tekst-TV som det mest undervurderte av alle kringkastingstilboda.

Gammal fjernsynsskjerm som viser nyheiter og anna innhald i tekst-versjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

At oppslutninga i Noreg kom kjappare enn i resten av Europa, kom nok delvis av at vi hadde vore så treige med å innføre fargefjernsyn. Dei første sendingane i fargar kom på NRK i 1972, og då nordmenn utover på 70-talet skifta ut svart-kvitt-apparata sine, hadde tekst-TV-dekodarane blitt ein naturleg del av innmaten til apparata. Det hadde dei ikkje vore då resten av Europa skifta til farge-TV. Ved 25-årsjubileet i 2008 vart tekst-TV digitalisert, og det var 2,4 millionar nordmenn (unike brukarar) som kvar veke nytta seg av tilbodet.

Les meir

Sjølv om 20 prosent av befolkninga midt på 1980-talet kunne få satellittsendingar, og nærare 40 prosent hadde tilgang til videospelar, såg ikkje situasjonen sett frå Marienlyst særleg bekymringsfull ut. Hovudbodskapen frå den nye fjernsynsdirektøren Tor Strand under Nordiske TV-dager i Bergen i 1988 var at oppslutninga om NRK Fjernsynet var relativt stabil. Statistisk sentralbyrå hadde gjort undersøkingar som viste at NRK vart føretrekt av 89 prosent av befolkninga. Og dei brukte i snitt to og ein halv time om dagen til å sjå på fjernsyn. Av denne tida gjekk 4 prosent med til å sjå på satellittsendingar, 3 prosent til å sjå dei to svenske kanalane og ytterlegare 3 prosent til å sjå video. 90 prosent av tida framfor TV-apparatet vart altså nytta til å sjå på NRK, og talet på lisensbetalarar nærma seg raskt halvannan million.

Programtilbodet i NRK Fjernsynet

Kva var det så sjåarane fann verd å sjå på ? I ei undersøking gjord av Scan-Fact i 1984 svarte to tredjedelar av dei som hadde gjort seg opp ei meining, at dei ønskte å bli underhaldne framfor å få vite eller lære noko.

Ein dei største suksessane til Fjernsynsteatret kom i 1980 med serien Medmenneske bygd på Olav Duuns romanar, og med Espen Skjønberg i rolla som Didrik Dale.

Same år viste Trond-Viggo Torgersen oss korleis opplysning og underhaldning kunne kombinerast i 13 program om Kroppen, følgt opp av samtaleprogram for vaksne. I 1986 vart spørjeprogrammet Kvitt eller dobbelt teke opp igjen med sportsjournalisten Knut Bjørnsen som programleiar.

På 1980-talet kom dei såkalla talkshowa. FreDan med Dan Børge Akerø frå Dagsrevyen vart ein stor sjåarmagnet frå 1986, som hausten 1987 forandra namn til LørDan. Litt færre sjåarar hadde Bokstavelig talt med Brikt Jensen som programleiar, som vart lansert same år. Vi kan ikkje forlate fjernsynet på 1980-talet utan å nemne den danske serien Matador, som alle lokale møtearrangørar passa seg godt for ikkje å konkurrere med.

Mange reagerte då NRK i mai 1983 begynte å sende den amerikanske såpeserien Dynastiet på onsdagskveldane. Kringkastingsrådet gjekk så langt som til å be til NRK-leiinga om å stanse serien fordi han var "glatt og kynisk".

Foto av statsmeteorolog Vidar Theisen ved vêrkartet i NRK.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Enger, J. (2006). Hele landet på luften. Historien om NRKs distriktskontorer. NRK Aktivum.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)