Hopp til innhald

Fagstoff

Empati

Ordet empati stammar frå gresk og blir brukt om evna til å setje seg inn i kjenslene, opplevingane og reaksjonane til andre menneske. Dette er viktig for deg som fagarbeidar i møte med brukarane.
Jente får trøyst av ei venninne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Empati er evna til å skjøne kjenslene og sinnstilstanden til ein annan person. Det er såleis ikkje berre evna til å sjå om nokon er glad eller trist, for det dreier seg òg om evna til å forstå handlingane, verdiane og haldningane til andre menneske. Empati er ikkje det same som å prøve å tenkje seg korleis du ville opplevd situasjonen, men å skjøne korleis den andre personen opplever det.

Eit viktig moment i empati er at ein anerkjenner motiva til medmenneska sine og ikkje ser dei med utgangspunkt i sine eigne motiv. Motiva til andre menneske kan vere annleis enn dine. Det motsette av empati er egosentrisme, som tyder å sjå seg sjølv som midtpunkt og dermed vere ute av stand til å sjå ei sak frå perspektivet til ein annan person.

For deg som fagarbeidar er det viktig å vere empatisk. Å kjenne på korleis den andre opplever situasjonen, gjer at du blir flinkare til å vise omsorg, kommunisere og hjelpe den andre. Empati er ein føresetnad for å oppnå nærleik og kontakt med brukar eller kunde.

Ved empatisk tenking greier du å skilje mellom dine eigne og andre sine tankar og kjensler, og på den måten forstå at ein brukar kan oppleve ein gitt situasjon på ein heilt annan måte enn du sjølv ville gjort.

Døme 1

Ein dag Ida er på jobb i ungdomsskolen, kjem Tommy bort til henne. Ida ser at han har gråte og spør kva som har skjedd. Tommy fortel at han er redd for faren som ligg på sjukehuset med hjarteinfarkt. Ida forstår kor uroleg ein kan bli i slike situasjonar, og ber han fortelje kva som har skjedd.

Empati kjem ofte til uttrykk i handlingane dine. Dette har du kanskje merka i vanskelege situasjonar der du har prata med menneske som du anten har opplevd støtte og forståing frå, eller som du har opplevd at ikkje forstod deg i det heile teke.

Empati har samanheng med både haldningar og menneskesyn. Viss du ser ned på eit menneske, er det vanskeleg å vere empatisk.

Døme 2

I barnehagen kjem Johanna lett i konflikt med dei andre barna, og dei vil helst ikkje leike med henne. Når ho blir sint, hender det at ho bit dei andre barna.

Lasse, som jobbar i barnehagen, er oppteken av at dei må finne ut kvifor det blir slik, og han legg vekt på at Johanna sannsynlegvis har det vondt når ho ikkje får leike med dei andre. Han føreslår at dei skal prate med henne om korleis ho har det. Ove, som òg jobbar i barnehagen, meiner at Johanna er eit vanskeleg barn, og at det er hennar eigen feil at dei andre ikkje vil leike med henne.

Diskuter kva denne historia fortel om menneskesyn, haldningar og empati.

Nokre menneske eller situasjonar er svært ukjende for oss. Slike situasjonar krev at vi prøver å setje oss inn i korleis ein annan kan oppleve dei, slik at vi kan forstå den andre.

Alle opplever vi ting som ikkje er bra - det kan vere sjukdom, skadar, ulykker eller at vi gjer dumme ting i liva våre. Sjølv om dette kan bli svært ubehageleg der og da, så er det òg med på å gi oss røynsler som igjen gjer det lettare for oss å setje oss inn i korleis andre har det. Vi kan seie at vi set våre eigne opplevingar og kjensler på ein erfaringskonto, og der kan vi hente dei fram når vi treng dei.

Utfordringar til deg:

  1. Kva er empati?
  2. Diskuter kva som kjenneteiknar menneske som viser empati.
  3. Kvifor og i kva for situasjonar er empati viktig?

Kjelder:

Malt, Ulrik. (2018, 20. februar). Empati. Store norske leksikon. Henta 23. september 2019 frå https://snl.no/empati

Store norske leksikon. (2019, 15. januar). Egosentrisk. Henta 23. september 2019 frå https://snl.no/egosentrisk

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse