Samarbeid

Når du jobbar i helse-, sosial- og oppvekstsektoren er samarbeid ei vanleg arbeidsform. Det er vanleg å samarbeide med brukarar, føresette og pårørande, kollegaer og andre.
Definisjonar frå Ordnett.no
Samarbeid:
- arbeid i fellesskap
Samhandling:
- utføre noko i ein samspelsituasjon der to eller fleire deltek
SamarbeidOpphavsmann: Rodolfo Clix
" I staden for samarbeid blir også omgrepa samhandling eller teamarbeid nytta"
SammarbeidOpphavsmann: Milestep
Illustrasjon - samarbeidOpphavsmann: Høgskolen i Bergen
Sitat
Det nyttar ikkje å vere ei skinnande stjerne på himmelen åleine.
Gro Harlem Brundtland/ ordtak.no
Evna til å samarbeide med andre menneske er ein del av den sosiale kompetansen eit menneske har, og ei evne som blir etterspurd av dei fleste arbeidsgivarar. Auka samarbeidskompetanse kan trenast opp.
Frivillig innsats og ønske om å samarbeide er alltid det beste utgangspunktet for samarbeid, men innanfor yrke i helse-, sosial- og oppvekstsektoren er vi avhenginge av samarbeid.
Eksempel
Kaja jobbar i ein barnehage. Ho liker best å jobbe åleine og synest det er vanskeleg å samarbeide med dei andre. Ho trekkjer seg unna og liker best å vere åleine med barna. Etter ei tid pratar avdelingsleiaren med Kaja og forklarer henne at dei andre er avhengige av at ho speler på lag og samarbeider med dei. Avdelingsleiaren forklarer Kaja at samarbeid blir forventa av henne som profesjonell yrkesutøvar.
Samarbeid kan gå føre seg på fleire måtar. Vi snakkar gjerne om direkte og indirekte samarbeid.
- Når du samarbeider med ein eller fleire personar om ei konkret oppgåve blir det gjerne kalla direkte samarbeid. Eit eksempel på direkte samarbeid kan vere å samarbeide om å bade ein brukar på sjukeheimen.
- Som yrkesutøvar utfører du også eit samarbeid dersom du gjer ambulansen grei for den som skal bruke han etter deg. Du gjer ikkje jobben saman med den andre, men du legg til rette for at han skal få gjort jobben sin på ein god måte. Dette blir gjerne kalla indirekte samarbeid. Indirekte samarbeid er ein viktig del av arbeidet.
Korleis bli god til å samarbeide?
Det er viktig å gå inn i eit samarbeid med tillit til at resultatet vil bli betre enn om du hadde gjort jobben åleine.
Ein føresetnad for godt samarbeid er også at kvar enkelt kjenner at dei har noko å bidra med i samarbeidet og at gruppemedlemmene viser respekt for kvarandre. Andre viktige faktorar er:
- Gode kommunikasjonsevner
II dette ligg vilje og evne til å kommunisere på ein slik måte at det fremjar samarbeidet. Det blir mellom anna gjort ved bruk av aktiv lytting, medviten bruk av kroppsspråk og ved å formidle eigne tankar og meiningar. Å stoppe opp og prate om korleis samarbeidet fungerer vil gjere det mogleg å løyse problema før dei utviklar seg til konfliktar. - Evne til å fordele oppgåver
Når nokon samarbeider treng ikkje alle å gjere det same heile tida. Å fordele arbeidsoppgåver og bruke styrkar hos den enkelte gjer arbeidet meir effektivt. - Felles mål
Å vere einige om formålet med samarbeidet og setje seg felles mål gjer arbeidet meir meiningsfylt. - Forpliktande avtalar
Av og til lagar vi formelle avtalar som seier kva den enkelte skal gjere i den enkelte samarbeidssituasjonen, men ofte er dette ein psykologisk kontrakt. - Å stille opp for kvarandre
For at eit samarbeid skal fungere godt treng vi av og til å stille opp for kvarandre. Det kan vere at ein du skal samarbeide med har ein dårleg dag slik at du må ta litt ekstra ein dag. Dette må ikkje misbrukast slik at ein blir sitjande med meir arbeid heile tida. - Til å stole på
Eit godt samarbeid krev at alle gruppemedlemmene er til å stole på, at dei held avtalar og gjer det arbeidet dei har teke på seg. Tillit er vanskeleg å etablere og lett å rive bort. Tillit er limet i eit godt samarbeid. - Kontinuerlege vurderingar
Å vurdere samarbeidet kontinuerleg er viktig for å betre samarbeidet.
Samarbeid må lærast, og det tek tid. Når du byrjar som yrkesutøvar er det ofte travelt, så det er klokt av deg å trene deg på samarbeid medan du er elev i skulen.
Å vere ein god samarbeidspartnar krev sosial kompetanse. Som deltakar i ei gruppe skal du ha tillit til deg sjølv, men også til andre. Du skal ta initiativ og hevde dine meiningar, men du skal og å respektere dei andre sine initiativ og meiningar. Nokre gonger kan samarbeid vere krevjande på eit kjenslerelatert nivå og du må kunne vere empatisk.
Utfordringar til deg
- Les eksemplet om Kaja.
- Korleis kan Kaja bli betre til å samarbeide?
- Kva kan årsakene vere til at Kaja ikkje liker samarbeid?
- På kva måte kunne Kaja ha brukt tida i skulen til å trene seg på samarbeid? - Kvifor er samarbeid så viktig?
- Kva meiner du er viktige kriterium for eit godt samarbeid?
- Hva gjør man dersom en gruppe ikke fungerer.
- Diskuter påstanden:
"Av og til er konfliktar i ei gruppe bra, dei får fram fleire synspunkt". - Bruk eitt eller fleire av bileta som utgangspunkt for ein fagartikkel om samarbeid..
