Hopp til innhald

Fagstoff

Folket tek makta (1970-talet)

På 1970-talet vart distriktssendingane til NRK utbygde. Sámi Radio starta sine sendingar i 1975. Det var dessutan politisk strid om objektiviteten til NRK, og høgresida skulda NRK for å vere venstrevridd.

Desentralisering og distriktssendingar

1970-åra var eit tiår prega av sterke politiske motsetningar. Noreg vart delt i to i spørsmålet om norsk medlemskap i EEC (seinare EU). Nei-folket sigra, og i kjølvatnet av denne sigeren blomstra lokalpatriotisme og interessa for bygdekulturen. Venstreradikale studentar var kritiske til det etablerte samfunnet og kravde at folket skulle ta makta. Minoritetsgruppene i det norske samfunnet stod òg opp for å krevje sin rett.

Dette gav vind i segla for utbygging av distriktskontor og etableringa av ein eigen sameradio. Å seie at 1970-åra vart ei gjennombrotstid for distrikta i NRK, er for så vidt riktig nok. Men vi må heller ikkje gløyme at distrikta var med heilt frå dei første private radioeksperimenta.

Les meir om dei åtte avdelingskontora til NRK

I særleg grad gjeld dette Bergen Lokal, som med unntak av krigsåra sende parallelt med riksprogrammet frå 1937 til 1966. NRK hadde åtte avdelingskontor som leverte innhald til radiosendingane. Tre av desse, Bergen, Troms og Ålesund, var etablerte på lokalt initiativ allereie i 1920-åra. Og fire til, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Bodø, var etablerte av Kringkastingsselskapet i Oslo før 1933. Finnmark kringkastar opna i 1934.

I 1966 fekk avdelingskontora eigne faste sendingar på riksnettet klokka 14.30 og 18.00, og to år seinare vart dei omdøypte til distriktskontor. Samtidig med at det i 1975 vart innført føremiddagssendingar og nye sendetider klokka 12.00 og 16.45, vart distriktskontora sin høgare status markert ved at leiaren av dei skulle titulerast distriktssjef. I 1976 vart Norge rundt, distrikta sitt eige magasin, lansert på fjernsyn. Det vart òg oppretta eit Oslo-kontor for distrikta, med Reidar Hirsti, tidlegare redaktør av Arbeiderbladet, som leiar.

Les meir om utviklinga av distriktssendingane

Organisasjonsutviklinga når det gjaldt distriktskontora, kan beskrivast som ei langsam celledeling, som heldt fram òg gjennom 1980- og 1990-åra. Etter 2000 gjekk tendensen derimot i retning av samanslåing for å skape meir kostnadseffektive einingar.

Lat oss ta Austlandssendinga som døme. Denne sendinga vart etablert i 1959 under leiing av Dagsnytt. Året etter kom ho av praktiske årsaker under leiing av programsekretariatet. Arthur Klæbo var leiar av begge. I 1972 fekk Austlandssendinga status som distriktskontor for åtte fylke, og flytte fysisk ut frå Marienlyst. Året etter vart Hedmark og Oppland etablert som eige kontor. I 1977 følgde Telemark. Året etter skilde Hedmark og Oppland lag og fekk kvart sitt kontor. I 1982 vart det etablert eit eige distriktskontor for Østfold. Året etter vart Buskerud/Vestfold etablert som sjølvstendig distriktskontor. Så vart det ein pause i celledelinga inntil Vestfold vart eigen senderedaksjon i 1991. To år seinare var både Buskerud og Vestfold sjølvstendige distriktskontor. Det same skjedde på Vestlandet, då Sogn og Fjordane i 1979 vart etablert med eige kontor. I 1984 fekk Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag kvart sitt kontor.

Sámi Radio

Då styret i NRK hausten 1975 etablerte Sámi Radio i Karasjok, var det som eit riksdekkande distriktskontor. Dei første sendingane gjekk på lufta 4. november året etter, men først i 1981 fekk leiaren av kontoret tittelen sameradiosjef. Dei første fem åra stod sameradioen under eit visst oppsyn av Oslo-kontoret for distrikta.

Dette klippet frå NRK skole handlar om Kathrine Johnsen, òg kalla "sameradioen si mor". Ho starta opp med samiske sendingar på radio. Ho fortel i intervjuet at det er 40 år sidan ho første gong snakka samisk i mikrofon på radio. Ho gjekk då på lærarutdanninga i Tromsø. Etter å ha arbeidd som lærar i 10 år, fekk ho fast jobb ved NRK Vadsø. Den øvste leiinga i NRK hadde ikkje tru på at det samiske språket ville overleve og spådde at det ville vere dødt innan 10 år. Det godtok ikkje eg, fortel ho.

NRKs TV-serie Ante gav norske barn innsyn i korleis det var å høyre til minoritetsbefolkninga.

Les meir om diskusjonen rundt eigne sendingar på samisk

Vegen fram hadde vore lang. Det var leiaren for Finnmark kringkastar, Lars Normann Sørensen, som var initiativtakar. Allereie julaftan 1936 hadde han fått teke opp ei samisk gudsteneste i Polmak kyrkje. Det var første gongen samisk vart framført i norsk radio. Etter krigen fekk han i gang samiske sendingar på 20 minutt kvar fredag.

Med den samisktalande Thor Frette som leiar for NRK Finnmark kom det ny fart i arbeidet med samiske sendingar. Frå hausten 1954 vart det sendt ein halv time samisk kvar laurdag frå Vadsø. Frå 1955 vart det sendt eit kvarters barnetime på samisk ein gong i månaden.

Kringkastingssjef Kaare Fostervoll uttrykte ein tydeleg skepsis til dei samiske sendingane for barn. Den offisielle norske politikken overfor samane på 1950-talet var at dei skulle assimilerast i det norske samfunnet ved å lære seg norsk, og NRK skulle naturlegvis ikkje bryte med den politikken. Pågangen for å auke dei samiske sendingane var likevel stor, både frå samane sjølv og ikkje minst frå Kringkastingsrådet. Ein av rådsmedlemmene, Ørnulv Vorren, laga i 1955 ei utgreiing om spørsmålet. Utgreiinga inneheldt òg ei lyttarundersøking og konkluderte med at det var behov for fleire samiske sendingar i radio, og at dei òg måtte sendast i Nordland og Trøndelag i tillegg til Troms og Finnmark. Resultatet vart ei 20 minutts sending på tysdagar i tillegg til halvtimen på laurdagar.

For å få spørsmålet om samesendingane ut av verda sette kringkastingssjefen ned ein komité for å greie ut spørsmålet. Utvalet kom med framlegg om ei utviding av laurdagssendingane til ein heil time, noko fleire i NRK meinte var heilt urealistisk.

Den samiske programmedarbeidaren Kathrine Johnsen, "Sameradioens mor", vart i 1964 flytt til Tromsø og fekk ansvaret for dei samiske sendingane. Der fekk ho i 1971 og 1974 selskap av ytterlegare to redaksjonelle medarbeidarar fram til flyttinga til Karasjok i 1976.

Er NRK eit radikalt rottereir?

Dette med makt til folket skulle òg få ei heilt anna betyding for NRK på 1970-talet. Studentopprøret over heile den vestlege verda i 1968 reiste spørsmål ved dei fleste etablerte sanningar. I NRK hadde viljen til å framstille alle spørsmål objektivt vore sett på som både sjølvsagd og heilt uproblematisk. No reiste mellom andre programmedarbeidarane Andreas Skartveit og Bjørn Nilsen spørsmål ved denne objektiviteten. Det er eit teikn på naiv uskuld om ein trur ein kan vere objektiv, uttalte sistnemnde til tidsskriftet Liberalt Perspektiv hausten 1969.

TV-innslag: Libertas kritiserer NRK

TV-innslag: Kringkastingssjef Torolf Elster om kritikken mot NRK

Les meir om diskusjonen rundt objektiviteten til NRK

Den første store konfrontasjonen skjedde 29. januar 1970 i samband med ei storstilt markering av FNs naturvernår i form av ein temakveld om forureining. Eit av innslaga var ein reportasje frå Falconbridge i Kristiansand. Dagen før sending kravde direktøren at innslaget med han i reportasjen vart kutta ut. Samtidig møtte leiarane i arbeidsgivarorganisasjonane og LO mannsterkt opp på kontoret til Ustvedt for å kritisere NRK si dekning av forholda i industrien, ikkje minst dekninga av dei "ville" streikane. Gjennomgangstemaet var at medarbeidarane i NRK i altfor stor grad presenterte sakene ut frå sin eigen radikale politiske ståstad. Hans Jacob Ustvedt forsvarte sendingane det vart vist til, og tok på seg det fulle ansvaret for at dei hadde blitt sende. Han gjorde derimot seinare eit unntak for eit Rapport-program frå Knaben Gruver.

Spørsmålet om kringkastinga sin objektivitet vart òg reist i samband med det dramatiske regjeringsskiftet i 1971. Utgangspunktet var at statsminister Per Borten under ei flyreise frå København til Oslo hadde vist leiaren i Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC, Arne Haugestad, eit dokument frå Brussel som konkluderte med at Noreg neppe ville bli medlem. I slutten av februar vart presset mot Borten frå dei andre regjeringspartia om å gå av stort. Til Dagsrevyen søndag 28. februar ville likevel ingen av politikarane stille i studio. I staden vart det arrangert ein reportasje der NRK-medarbeidarane Lars-Jacob Krogh og Jon Aanerud drøfta kva som gjekk føre seg under forhandlingane bak stengde dører. 2. mars kunne fjernsynet sende statsministeren si orientering om sin eigen avgang direkte, og mange spurde seg i kva grad NRK og avisene hadde medverka til resultatet.

Saka fekk eit etterspel då Per Øyvind Heradstveit 18. mars gjennomførte eit lengre intervju med Per Borten. Dette resulterte i krav frå leiarane i Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre om å få korrigere dei "ukorrekte opplysninger" Borten hadde gitt i intervjuet. Det vart opna for ei ekstrasending der alle partileiarane fekk kome med korrigeringane sine, men der dei òg vart utsette for ein krysseksaminasjon av Per Øyvind Heradstveit, som i praksis opptredde som ein høgst "subjektiv" forsvarar av intervjuobjektet sitt.

Objektiviteten i NRK vart sett på si aller største prøve i den oppheta diskusjonen om norsk medlemskap i EEC fram til folkerøystinga 25. september 1972. Torolf Elster sende i februar ut følgande melding til medarbeidarane sine: "Fellesmarkedet skal i disse månedene behandles på samme måte som vi behandler partipolitisk stoff i tiden foran et stortingsvalg: ubetinget nøytralt og balansert, med full oversikt og kontroll med alt vi gjør." (Dahl & Bastiansen, 1999, s. 461). Denne parolen vart kjend som "balanse på meget kort sikt", i motsetning til det tradisjonelle idealet, "balanse på lang sikt". Ein skal merke seg at NRK-leiinga vurderte balansen i spørsmålet om norsk medlemskap i den europeiske fellesmarknaden slik at det var ja-sida og nei-sida som skulle vere likestilte. Blant dei politiske partia og i pressa var det eit overveldande engasjement for ja-sida.

Libertas meiner å kunne dokumentere det

Det var ikkje berre nasjonale politiske spørsmål som vekte indignasjon. I debattane om NRK si verksemd i Stortinget kunne enkeltprogram, til dømes Yngvar Ustvedt sitt satiriske radioprogram om norsk kraftpatriotisme Og fjellene selv roper langt hurra sendt 17. mai 1965 og Kristian Reim sin jazzifiserte versjon av nasjonalsongen send i fjernsynets ungdomsprogram Flimra, i fullt alvor bli tekne opp i interpellasjonar i Stortinget.

Fjellene selv roper langt hurra

0:00
-0:00

Det gjaldt alle programområde. Ifølge Libertas-rapporten vart sosiale forhold i ei rekke NRK-program framstilte ut frå ein marxistisk klassekampmodell som gjorde partane i arbeidslivet til utbyttarar og utbytte. Særleg radioprogrammet Ungdommens radioavis og fjernsynsprogrammet Flimra vart nemnde. Men utanrikskommentarane var òg av dei "som i sterkest grad er blitt preget av marxistisk svart/hvitt tenkning og historiesyn" (Libertas, 1975, s. 6).

Les meir om kritikken mot venstrevriding i NRK

Sjølv om Libertas-rapportane i liten grad kunne karakteriserast som objektive, slo særleg konservative aviser påstandane stort opp. Kringkastingsrådet drøfta òg eventuell venstrevri i sendingane, men der var synspunkta langt meir balanserte. NRK kunne ikkje legge seg flat for angrepa, meinte ein. I 1974 vart debattprogrammet Kveldsforum med programleiarane Per Øyvind Heradstveit, Bjørn Nilsen og Olav Øverland skulda for å vere einsidig. Mens kritikken hittil i hovudsak hadde kome frå høgresida i politikken, overraska den nye saksordføraren, Kjell Magne Fredheim frå Arbeidarpartiet, 6. februar 1975 med hovudinnlegget sitt under behandlinga av NRK si årsmelding for 1973:

"De enkelte medarbeidere bør få én ting gjort klinkende klart: Dersom de ikke vil eller kan innordne seg den faktiske situasjon at NRK er et medium som ikke kan, som ikke skal, nyttes til fremme av personlige anti- eller sympatier, til egne politiske synspunkter og oppfatninger, bør de snarest sørge for å finne seg et annet forum for sin misjonsvirksomhet." (NRK, 1975)

Stortinget samla seg bak kravet om tydelege, skriftlege retningslinjer for programmedarbeidarane sin objektivitet. Eit utval leia av redaksjonssjef Gunnar Gran i Dagsnytt utarbeidde i løpet av 1975 reglane, som var eigna til å roe ned politikarane på Stortinget.

Kjelder

Dahl, H. F. & Bastiansen, H. G. (1999). Over til Oslo. J.W. Cappelens forlag.

Enger, J. (2006). Hele landet på lufta. Historien om NRKs distriktskontorer. NRK Aktivum.

Libertas. (1975). NRK rapport II. Elingaard forlag. https://www.pdf-arkivet.no/dnc_notatene/libertas_nrk_2.pdf

NRK. (1975, 6. februar). Stortingsdebatt om NRK [Video]. NRK TV. https://tv.nrk.no/serie/stortingsdebatter/1975/FNYH75002275/avspiller

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)