Hopp til innhald

Fagstoff

Brot

Brot kan oppstå i alle knoklar i kroppen. I dei fleste tilfelle oppstår brotet ved at knokkelen blir utsett for ei ytre kraft i form av slag eller fall.

Det finst fleire typar brot, men det vanlegaste er å skilje mellom opne og lukka brot. Eit ope brot vil du lett kunne sjå, mens eit lukka brot er vanskelegare å oppdage.

Teikn på brot

  • Personen høyrer at knokkelen brekker.
  • Smerter i området som er skadd.
  • Unormal bevegelegheit.
  • Gnisselyd frå staden som er skadd når knoklane gnissar mot kvarandre.
  • Hevelse og etter kvart blåleg misfarging på grunn av bløding.
  • Nedsett rørsle i den aktuelle kroppsdelen.
  • Kroppsdelen der brot har oppstått, kan ha vorte forkorta.
  • Ved eit ope brot vil beinpipene stikke tydeleg fram gjennom ei opning i huda.

Førstehjelpstiltak ved brot

  • Ring 113 viss du ser teikn på eit ope brot eller andre teikn på alvorlege brot.
  • Konferer med lege/helsepersonell om du er usikker, eller viss teikna er mindre alvorlege.

Lukka brot

  • Den skadde delen skal haldast i ro. Stabiliser ved hjelp av ein spjelk eller fatle. Det er viktig at spjelken dekkjer både leddet ovanfor og under brotet slik at brotstaden blir halden mest mogleg i ro. Dette vil dempe smertene, òg under transport.
  • Prøv å leggje den skadde delen høgt.
  • Kjøl ned det skadde området viss du har ein ispose tilgjengeleg.
 Brot. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ope brot

  • Følg rettleiinga du får av 113.
  • Stans bløding – knokkelbrot kan forårsake til dels store blødingar.
  • Du bør i tillegg leggje ein steril eller rein bandasje over beinpipene. Bandasjen bør vere så rein som mogleg då faren for infeksjon er stor. Prøv deretter å støtte opp rundt beinpipene slik at brotet ligg mest mogleg stabilt.
  • Legg eventuelt spjelk som beskrive ved lukka brot før naudsynt transport.

Kjelder

Beinbrudd. (2019). I T. Johannesen (red.). Norsk Helseinformatikk. Henta 1. desember 2019 frå https://nhi.no/sykdommer/muskelskjelett/beinbrudd/brudd-generelt/?page=1

Brudd. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 1. desember 2019 frå https://www.lvh.no/skader/ekstremitetsskader/generelt_/brudd

Haugen, J. E. (2019). Bekken- og ekstremitetstraumer. I Haugen, J. E. (Red.), Akuttmedisin utenfor sykehus (4. utgåve, s. 209–218). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2018

Læringsressursar

Førstehjelp