Hopp til innhald

Fagstoff

Hjarte- og lungeredning, HLR

Tidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å betydeleg auke moglegheita ein person har til å overleve, her tel kvart minutt. Det er derfor viktig at du veit kva du skal gjere viss du finn ein livlaus person.

For å vurdere kor alvorleg situasjonen er, og kva hjelp personen treng, bør du undersøkje personen etter hugseregelen BLÅS: bevisstheit/medvit – luftvegar – åndedrett/andedrag – sirkulasjon. Les meir i artikkelen om den første undersøkinga.

Viss personen ikkje er medviten og ikkje pustar normalt, start straks hjarte- og lungeredning og ring 113. Her vil du få rettleiing og hjelp.

Slik utfører du HLR

  • Personen bør liggje på eit hardt underlag. Dra derfor personen ned på golvet viss det er naudsynt.
  • Start HLR med ein gong: 30 brystkompresjonar, deretter 2 innblåsingar (30:2).
  • Ved HLR bør brystkompresjonane vere 5–6 cm djupe med ei takt på 100 i minuttet.
  • Innblåsingane blir gjennomførte ved at du legg munnen din over munnen til personen samtidig som du bøyer hovudet til personen bakover og løftar haka opp. Lukk nasen til personen med fingrane.
  • Bruk ca. 1 sekund per innblåsing, og avslutt når brystkassa hevar seg. Viss det er fleire hjelparar tilgjengeleg, be dei ringje 113 viss dette ikkje allereie er gjort. Er hjartestartar tilgjengeleg, be nokon hente han. Start denne med ein gong og følg rettleiinga som blir gitt.
  • Hald fram HLR utan stopp. Viss det er fleire personar til stades, byt på å gi hjartekompresjonar, for dette er ein tung jobb.
  • Hald fram HLR utan stopp heilt til profesjonell hjelp tek over.
Trening på hjarte- og lungeredning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik utfører du HLR på barn

Hjartestans hos barn er svært sjeldan. I dei fleste tilfelle oppstår hjartestans hos barn fordi det har sett noko i halsen eller har drukna.

Undersøk barnet etter metoden BLÅS. Start HLR når barnet ikkje er medvite og ikkje pustar normalt.

  • Barnet bør liggje på eit hardt underlag. Løft barnet ned på golvet eller anna hardt underlag.
  • Det er vanleg å skilje mellom spedbarn frå 0–1 år og barn frå 1 år til pubertet.

Spedbarn

  • Start med 5 innblåsingar.
  • Innblåsingane blir gjennomførte ved at du legg munnen din over munnen og nasen til barnet samtidig som du held hovudet til barnet i ein nøytral posisjon og løftar haka fram. Sjå at brystet hevar seg.
  • Hald fram med HLR: 30 brystkompresjonar, deretter 2 innblåsingar (30:2).
  • Brystkompresjonane på eit spedbarn bør gjennomførast med to fingrar. Brystkassa hos eit spedbarn er mindre og mjukare enn hos vaksne, så bruk mindre kraft. Bruk ei takt på 100 i minuttet.
  • Hald fram HLR utan stopp heilt til profesjonell hjelp tek over.

Barn frå 1 år til pubertet

  • Start med 5 innblåsingar.
  • Innblåsingane blir gjennomførte ved at du legg munnen din over munnen til barnet, samtidig som du bøyer hovudet til barnet forsiktig bakover og løftar haka opp. Lukk nasen til barnet med fingrane. Sjå at brystet hevar seg.
  • Hald fram med HLR: 30 brystkompresjonar, deretter 2 innblåsingar (30:2).
  • Små barn: bruk eihands-teknikk. Trykk handbaken på ei hand ned på brystkassa til barnet. Brystkassa hos eit mindre barn er mindre og mjukare enn hos større barn og vaksne, så bruk mindre kraft.
  • Større barn: kompresjonane skal vere ca. 5 cm djupe og utførast med to hender på brystkassa, som på vaksne. Bruk ei takt på 100 i minuttet.
  • Hald fram HLR utan stopp heilt til profesjonell hjelp tek over.

Sidan hjartestans hos barn som oftast kjem av mangel på oksygen, vil det viktigaste vere å gjennomføre brystkompresjonar og innblåsingar.

Snakk med 113, her vil du få rettleiing og hjelp.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2019). Hjerte- og lungeredning (HLR). Henta 9. november 2019 frå https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/hjerte-og-lungeredning

Hjerte- og lungeredning (gjenoppliving) på voksen person. (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk (2018). Henta 9. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/bevisstloshet/hjertelungeredning-voksen/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp