Hopp til innhald

Fagstoff

Biletutsnitt

Eit biletutsnitt seier noko om kva og kor mykje av eit motiv eit bilete viser. Du bør tenkje nøye gjennom kva du vil ha med, og korleis du vil plassere motivet i biletet, når du fotograferer. Men du kan også velje eit utsnitt av biletet i eit fotoredigeringsprogram i etterkant
Eksempler på utsnitt av ultratotal, total, halvtotal, halvnær, nær og ultranær. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er vanleg å bruke seks ulike omgrep om biletutsnitt:

  • Ultratotal (UTOT): Ultratotal viser heile fokuspunktet og omgivnadene rundt. Fotograferer du ein person, vil biletet vise heile personen og den omgivnaden personen er i når biletet blir teke.
  • Total (TOT): Dette utsnittet inneheld heile fokuspunktet eller personen frå topp til tå. Utsnittet framhever personen eller personane og er mindre fokusert på miljøet rundt.
  • Halvtotal (HTOT): Biletutsnitt halvtotal viser halve fokuspunktet. Vi ser til dømes ein person frå livet og opp, eventuelt til og med hendene.
  • Halvnær (HNÆ): Vi ser personen med hovud og akslar, omtrent ned til armhola eller øvste del av brystet.
  • Nær (NÆ): Hovudet og eventuelt halsen fyller biletet. Akslene er vanlegvis utelatne. Biletutsnittet nær er vanleg å bruke i portrettbilete.
  • Ultranær (UNÆ): Eit ultranært utsnitt går endå tettare på motivet enn utsnittet nær. Det fokuserer ofte på ein detalj i motivet, f.eks. auga eller munnen.

Arbeid med bildeutsnitt

Kjennskap til dei ulike biletutsnitta er viktig for alle som jobbar med medieproduksjon. Ein filmprodusent er avhengig av å kunne bruke presise omgrep for å skildre korleis ei scene skal filmast. Ein nyheitsreporter veit at ein reportasje om ei ulykke må ha eit ultratotalt bilete for at publikum skal kunne få oversikt over omfanget.

I fotograffaget handlar biletutsnitt om medvitne val når du fotograferer ein modell eller eit produkt. Hugs derfor å variere utsnitta dine. Ver kreativ og prøv ut ulike utsnitt og vinklar som gjer at bodskapen kjem tydeleg fram.

Eksempelvis bruker mange bryllaupsfotografar ein arbeidsflyt der dei først lèt brudeparet posere slik at dei kan bli fotografert i eit ultratotalt utsnitt. Deretter går fotografen sakte, men sikkert, nærare inn på motivet.

Bildeutsnitt
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik kan ein sikre seg fleire forskjellige utsnitt frå same setting. Når du skal presentere bileta i etterkant vil du ofte sjå at eit stort og luftig utsnitt passar godt saman med nære detaljar. Eit bryllaupsbilete som består av ein kollasj sett saman av forskjellige utsnitt, vil både kunne vise dei vakre omgivnadene og detaljane i gifteringen.

Bildekollasj som viser heltotalt utsnitt og halvnært utsnitt av en modell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Innføring i bilete