Hopp til innhald

Fagstoff

Radioen sin gullalder (1950-talet)

Etter krigen auka talet på radiolyttarar kraftig. 1950-talet blei gullalderen i radioen. Populære program var Ønskekonserten, Barnetimen, høyrespel, sportssendingar og Lørdagskveld i Store Studio. Det blei fleire nyheitssendingar. 12. januar 1954 sende NRK dei første prøvebileta på fjernsyn.
Mann og kvinne sit framfor radioapparat i ei typisk 1950-tallstove. Dei har på seg kvardagsklede, mellom anna har kvinna forklede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til programmet frå NRK Kurer:

Gullalderen i norsk radiohistorie

0:00
-0:00
Tekstsamandrag av Kurer-episoden om gullalderen i norsk radiohistorie

På slutten av 1940-talet og gjennom heile 1950-talet hadde radioen ein helt spesiell status i norske heimar. For å forstå kvifor må vi tilbake til andre verdskrig og okkupasjonen av Noreg. Radioen hadde under andre verdskrig vist seg eineståande som nyheitsmedium. Sjølv dei forbodne sendingane frå London hadde slege veldig sterkt gjennom. Radio som nyheitsmedium kom derfor styrkt ut av verdskrigen, og alle nasjonsbyggjarar og politikarar forstod at det var gjennom radioen ein kunne nå nasjonen.

Historikar og medievitar Hans Fredrik Dahl fortel at myndigheitene etter krigen prioriterte å få i stand sendenettet og skaffe folk radioapparat. Under krigen hadde tyskarane nemleg konfiskert ein halv million radioapparat, og folk trong nye. Dette var svært komplisert, sidan alt var rasjonert, og dei naudsynte komponentane måtte importerast frå utlandet. Men myndigheitene valde å leggje til rette for import av komponentar og norsk produksjon av radioapparat. Dei ville satse på radio som fellesskapsdannande medium.

Når det gjaldt produksjon av innhald på radio, fortel Halfdan Hegtun, som starta i NRK sin nyheitsredaksjon i 1946, at dei stimulerte til fellesskapskjensle ved å fortelje om nye ting som skjedde i Noreg. Redaksjonen bestod av seks–sju menn. Kvinnene i NRK jobba primært som sekretærar.

Hans Fredrik Dahl fortel at kvinnene på 1950-talet stod sterkt på ein annan måte. Radioen satsa mellom anna på forbrukarinformasjon retta mot husmødrer. Husmødrene sin status var eit uttrykk for at familien spelte ei stor rolle. Det var ingenting som truga kjernefamilien på 1950-talet – verken fjernsyn, bilar, mobilitet eller ungdomsopprør. I dette tiåret var familien den berande sosiale konstruksjonen, og radioen var mediet som batt familien saman. Dahl beskriv avslutningsvis den ideelle radiolyttarsituasjonen: ei 1950-talsstove der mor, far og to–tre barn er samla rundt det nye radioapparatet.

Talet på lyttarar aukar kraftig

Radioen hadde ei nesten eksplosjonsarta utvikling dei første åra etter krigen. Fram til 1. august 1945 hadde 135 000 nordmenn betalt radiolisensen sin på 20 kroner, på den tida visstnok verdas høgaste. Eit år seinare hadde talet på meir enn dobla seg til 300 000. I 1947 nådde ein det same talet på lisensar som før krigen, med 450 000 betalande lyttarar. I 1948 blei det registrert 600 000 lisensbetalarar, men så flata veksten naturleg nok ut. Frå 700 000 registrerte lisensbetalarar i 1949 steig det til 970 000 i 1957.

Viss vi skal prøve å forklare denne veksten, må vi ta utgangspunkt i erfaringane frå krigsåra. Før krigen blei radioen først og fremst oppfatta som eit underhaldningstilbod. Men alvoret bak dei relativt korte nyheitssendingane frå London hadde endra haldninga til radiomediet hos både styresmaktene og pressa. NRK blei møtt med ein langt meir sakleg og respektfull tone.

Les meir

Nokon vesentleg vekst i programtilbodet er det ikkje lett å spore. Mens den nazifiserte kringkastinga under okkupasjonen i 1941 hadde sendt både 14 og 15 timar dagleg, var ein i 1945 tilbake til programskjemaet frå før krigen med ni timar sending per dag. I 1950 hadde sendingane auka til elleve og ein halv time, mens dei eit tiår seinare hadde auka med ytterlegare éin time til tolv og ein halv time dagleg. Det var tre sendeperiodar: ein god time med morgon-sending, deretter sending i to og ein halv time frå 11:20 og til slutt ei kveldssending på seks timar. Mellom sendeperiodene var det pause. Å høyre på radio var i hovudsak noko ein gjorde om kvelden. Sendingane blei avslutta klokka 23:00 med avspeling av "Ja, vi elsker".

Den store tilstrøyminga av lyttarar gav NRK ein god økonomi i 1950-åra. Mens inntektene auka med 60 %, auka sendetida med 10 %. Kva gjekk så pengane til? Det er liten tvil om at kvaliteten på sendingane auka. Det blei dessutan inngått avtalar med ulike opphavsrettsgrupper som forfattarar, skodespelarar, komponistar og musikarar, som fekk akseptable honorar for bidraga sine. Talet på tilsette auka frå 200 i 1946 til 980 i 1962. Av dei var 287 knytte til fjernsynet. Og gjennom opprykk og lønnstillegg auka lønnsbudsjettet ytterlegare. Det var likevel det nye kringkastingshuset på Marienlyst og forbetring av alle dei naudsynte tekniske innretningane som slukte det meste av budsjettet.

Populære programtilbod

Blant dei mest populære programma på 50-talet, var Ønskekonserten, laurdagsunderhaldning i Store Studio og kriminalhøyrespel som God aften, mitt navn er Cox av Rolf og Alexandra Becker.

Les meir

Ønskekonserten var den programposten som viste seg å ha størst oppslutning, då Norsk Gallup i 1955 publiserte resultata av den første store lyttarundersøkinga si. To tredjedelar av alle nordmenn lytta på NRK klokka 20:00 måndag kveld, då "Bojarenes inntogsmarsj" innleidde programmet. Eigentleg hadde programmet oppstått for å redusere kringkastinga sitt eige bidrag til Radiogavefondet, som var oppretta for å skaffe radiomottakarar til menneske som ikkje hadde råd til denne investeringa. No kom det kvar veke 1 000 bidrag saman med eit musikkønske. Kva ønske som skulle bli spelte, valde ein ut gjennom loddtrekking. Radiogavefondet blei nedlagt i 1992, men Ønskekonserten er framleis ein fast programpost kvar søndag på P1. Breidda i ønska til lyttarane ser vi tydeleg gjennom kva innslag som var dei mest spelte midt på 1950-talet: I 1954 var det "Ola Dekksgutt fra Flekkefjord" av Thorbjørn Egner, i 1955 var det "Intermezzo frå Cavalleria Rusticana" av Pietro Mascagni, og i 1956 var det "Rock Around The Clock" med Bill Haley.

Laurdagsunderhaldninga kom på ein god andreplass i Norsk Gallup si undersøking. 20. oktober 1951 samla NRK for første gong eit publikum i Store Studio for å delta i programmet Rundtomkring med Leif Rustad som programleiar. Her debuterte mellom anna Halfdan Hegtuns alter ego – Even Brattbakken frå Toten – i 1954. Ulike leikar og oppdrag som aktiviserte lyttarane, var ein del av programmet. Eit av dei mest minnerike programma var då Rustad og heile Kringkastingsorkestret forsvann frå Store Studio og straks blei etterlyste. Dei blei funne på Jordal Amfi, der folk blei inviterte til å kome. I løpet av kort tid blei stadion fylt av 10 000 lyttarar frå Oslo-området. Dei blei òg oppmoda til å ta med seg dei merkelegaste ting, mellom anna så mange kyr som mogleg, og desse blei mjølka for open mikrofon. Slagerparaden frå 1952 med Erik Diesen var eit populært musikkprogram som seinare, som fjernsynsprogram i perioden 1960–1962, skulle danne skule for nordisk fjernsynsunderhaldning. Søndagsposten frå 1957 med Otto Nielsen som programleiar var eit populært program der mange nye poetar og visekunstnarar debuterte. Innslaga frå Flåklypa radio av Kjell Aukrust var eit nyskapande programinnslag. Og i 1958 inntok Erik Bye Store Studio med Vi går om bord.

Vi går om bord med Erik Bye 1959

0:00
-0:00

Hans Heiberg, som hadde overteke som teatersjef i NRK i 1952, fekk ein lyttarsuksess med serien om Paul Temple og den mystiske herren Gregory. Serien var basert på bøker av Francis Durbridge, som også BBC i 1947 hadde dramatisert for radio. Yngvar Ustvedt beskriv verknaden på norske lyttarar slik: "Gater og vegar rundt om i Noregs land låg øyde då. Telefonane var tause, selskapelegheitene innstilte: Folk ville heller følgje Paul Temple og den tapre kona hans Steve i kampen mot bandittane." Suksessen blei følgd opp i 1955 med serien God aften, mitt navn er Cox av Rolf og Alexandra Becker, med Arne Lie i tittelrolla. Radioteateret voks i denne perioden med større budsjett og fleire produksjonar – òg av meir seriøse oppsetjingar. Otto Nes instruerte den første serien, deretter overtok Rolf Skoe som fast instruktør av radiohøyrespel.

Direktesende program

Framleis var det normale å avvikle sendingane direkte. Dette reduserte naturlegvis moglegheitene for å kontrollere kva som blei sendt. Og det skal av og til ha kome reaksjonar frå lyttarane. Sterkast kanskje i 1946 då ein sokneprest i Larvik under søndagsgudstenesta i preika si skal ha uttalt at også landssvikarar er menneske som Gud elskar.

Eit anna døme er programposten Det spørs med Rolf Kirkvaag som programleiar. Interessa for å vere publikum i det populære programmet var så stor at opptaka måtte gjerast i aulaen til Marienlyst skule, som hadde 500 sitjeplassar. Det var her Maja frå Nesbru gjorde seg berømt med replikken "Der rauk pokkalen!".

For éin type program var direktesending nesten ein føresetnad, nemleg dei som refererte frå dei store sportsarrangementa. Vinterleikane i Oslo i 1952 blei ei storsatsing for NRK.

Familie med mor, far og to barn sit framfor radioapparatet i typisk 1950-talsstove. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjallis vinner 10 000-meteren i 1952

0:00
-0:00
Les meir

NRK brukte nesten 350 000 kroner, som den gong var ein vesentleg del av programbudsjettet, på olympiaden. Om lag halvparten gjekk til innkjøp av nytt teknisk utstyr. Men likevel var 80 personar i sving for å dekkje alle øvingane. Ein av medarbeidarane frå mellomkrigstida, sportsredaktør i Morgenbladet Finn Amundsen, fekk gleda av å dekkje Hjalmar Andersen sine tre gullmedaljeløp på Bislett. Men fleire av NRK sine eigne medarbeidarar blei òg sportsreporterar under OL. Rolf Kirkvaag og Halfdan Hegtun fekk ansvaret for skisendingane og viste enorm entusiasme då dei beskreiv innkomstane til Hallgeir Brenden og Simon Slåttvik, hoppa til Arnfinn Bergmann og Stein Eriksen sin triumf i storslalåm på Norefjell.

Grunnen til at Lauritz Johnson i 1946 blei vald til å leie barne- og ungdomsavdelinga, var visstnok at han var den i redaksjonen som hadde flest barn! Uansett blei han i 1950-åra alle sin "onkel Lauritz" i Lørdagsbarnetimen. I 1947 starta Else Wildhagen Barnetimen for de minste om morgonen ein gong i veka. Frå 1951 fekk ho med seg Alf Prøysen, Thorbjørn Egner og Anne-Cath. Vestly. Då gjekk sendinga fem gonger i veka.

Anne-Cath. Vestly med sonen Jo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historiene til desse tre forteljarane kom seinare i bokform og blei skapte om til teater og film, men det var i NRK historiene først blei til og grunnlaget for den vidare suksessen blei lagt. Det vakte harme og sterke reaksjonar i snevre kretsar då Anne-Cath. Vestly fortalde ungane at "dei små barna ligg i magen til mor si". Men det kom òg mange takkebrev til Marienlyst etter dei sendingane.

Også Lørdagsbarnetimen, ein tradisjon heilt frå Kringkastingsselskapet sine dagar, måtte fornye seg. Thorbjørn Egner laga høyrespela Karius og Baktus (1946), Anne og Ole Jakop på bytur (1947), Muntre musikanter (1951) og Julenissens verksted (1953). Nils-Reinhardt Christensen laga både manus og regi til serien om Nansen, Stanley og Livingstone, Lille Lord Fauntleroy og ikkje minst høyrespela om Stompa og hans medelevar og lærarar på Langåsen privatskule, basert på bøkene til Anthony Buckeridge. I 1952 starta ein i laurdagsbarnetimen eit prosjekt der lyttarane blei inviterte til å skrive bok saman. Resultatet blei den første barnetimeboka, Rømlingene på Neptun, illustrert med innsende barneteikningar. Det følgde ytterlegare ti slike bøker fram til 1974. Ikkje få norske forfattarar har debutert med eit kapittel til barnetimebøkene, som også blei store salssuksessar. Inntektene gjekk til Radiogavefondet.

Fleire nyheitssendingar

I 1953 blei talet på nyheitssendingar utvida frå tre til fire dagleg. Dette var òg det året lyttarane for første gong fekk høyre ei ny stemme frå London: Richard Hermann var tilsett i telegrambyrået Reuters og skulle elleve år seinare bli den første utanrikskorrespondenten i NRK.

Det var også i 1953 NRK sende Hartvig Kiran til Nederland for å dekkje flaumen der. Dei direktesende reportasjane hans blir framleis nytta som skuledøme for nye journalistar i NRK.

Hartvig Kiran om flommen i Nederland

0:00
-0:00
Les meir

Under den kalde krigen var det mange øyre som lytta til NRKs utanriksdekning. Leiinga i NRK prøvde å halde ei ansvarleg linje. Dei prøvde å balansere kommentarstoffet, men avviste fleire gonger framlegg om reportasjar frå dagleglivet i Sovjetunionen. I 1955 blei Rolf Kirkvaag med på ei reise med ein kulturdelegasjon til Russland, Armenia og Ukraina og tok bandopptakaren med seg. Hans 15 minutts reportasjar frå dagleglivet der vakte stor interesse, men det blei sterkt kritisert at han melde om at levestandarden var "omtrent som heime".

Ny organisasjonsmodell

I 1948 fekk NRK ein ny organisasjonsmodell med ein kringkastingssjef som toppsjef. Den første kringkastingssjefen blei Kaare Fostervoll, nyleg avgått statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Ein av måtane han markerte seg på, var at han aktivt motarbeidde spørsmålet om innføring av fjernsyn i Noreg.

I 1950 var det likevel så mange som pressa på i spørsmålet at NRK-styret måtte setje ned ein komité til å greie ut saka. Telegrafdirektør Olaf Moe, som også var skeptisk til utbygging av fjernsyn i Noreg, blei leiar. Resten av medlemmene representerte industri- og forskingsinteresser og dessutan NRK. Sjølv om mange var skeptiske, konkluderte utvalet med å tilrå prøvesendingar, noko styret i NRK i januar 1952 slutta seg til. 12. januar 1954 blei dei første fjernsynsbileta sende frå eit lite studiorom på Tryvannshøgda.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)