Hopp til innhald

Fagstoff

Vassbakkels

Vassbakkels er eit lett og luftig bakverk som vi kan variere på mange måtar, med ulike former, storleikar og fyll. Dei kan fyllast med søte kremar eller eit salt fyll.
Ein stabel vassbakkels med mokkakrem, pynta med melis og sjokolade. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vassbakkels blir laga av ein forvella masse. Forvella massar består som oftast av vatn, fast feitt, mjøl og egg. Å forvelle betyr å gi eit lett oppkok. Vi kan nytte denne deigen til å lage til dømes waleskringle, eclairs og profiteroles.

Framgangsmåte

  • Kok opp vatn og smør.
  • Tilsett mjøl under omrøring til massen slepper kjelen.
  • Avkjøl massen litt.
  • Rør egga forsiktig inn, eitt og eitt om gongen.
  • Ha massen i ein sprøytepose og sprøyt ut ønskt form på ei smurd steikjeplate.
  • Steik ved 200 °C i 20–25 minutt. Større bakverk som kringle treng lengre steikjetid. Opne ikkje omnsdøra undervegs, då fell kakene lett saman!
  • Avkjøl kakene og fyll med ønskt fyll.

Andre variantar

Det er òg mogleg å nytte mjølk som væske og tilsetje sukker/vaniljesukker i massen. Han får då meir smak, men blir mjukare. Den spanske retten churros er ein forvella masse som blir laga på same måte som vassbakkels, men som blir fritert i staden for å bli steikt i omnen.

Churros overstrødd med sukker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Video

I denne videoen får du sjå korleis du lagar ein vassbakkelsdeig, og du får sett døme på ulike måtar å forme massen på.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2011

Læringsressursar

Massar