Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk reklamehistorie

Dei første produktannonsane dukka opp i norske aviser rundt 1850. Reklamen fann eit nytt utstillingsvindauge i vekepressa, og seinare i radio og fjernsyn. Under krigen blei verkemidla frå reklamen brukte i krigspropaganda. I dag er influensarar og algoritmar tekne i bruk i marknadsføring.

Marknadsføring som fag oppstår

Rundt 1850 byrja avisene å trykkje små produktannonsar, og annonsane blei eit viktig innteksgrunnlag for avisene. Marknadsføring som fag blei til i USA, og visuelle verkemiddel blei brukte målretta for å påverke kunden.

Annonse for Olaf Asperheim-Larsens fotografiske artikler. Foto.

Dei første eigentlege reklamane i Noreg kom som små produktannonsar i aviser frå 1850-talet og utover. Det var gjerne ein tekst som skrytte uhemma av eit produkt. Etter kvart blei reklameannonsane illustrerte av enkle teikningar. Overskriftene voks i storleik, og annonsane kom til å ha mykje å seie for avisøkonomien.

Annonsøren sa i grunnen berre «kjøp varene mine», eit motto som også gjeld annonsane i vår tid. Dårleg trykkvalitet og dårleg avispapir gjorde sitt til at annonsane frå den tida verkar enkle og primitive, men like fullt hadde dei stor verknad på publikum.

Reklameplakatar

På plakaten ser vi ein mann med stor lue og raudt skjerf. I bakgrunnen ser vi silhuetten av ein mann. Teikning.

Frå 1880-talet førte betre framstillingsteknikkar til at kvaliteten på bileta blei merkbart betra, og dei første reklameplakatane dukka opp.

Emballasje blei kosta på frodige og fargestrålande bilete, og alt frå hermetikk til tobakk fekk øskjer som små kunstverk. Det voks fram ein eigen grafisk industri som hadde reklame som ei viktig produktgruppe.

Annonsane på byrjinga av 1900-talet hadde ofte bilete av produktemballasjen, eller inneheldt symbol som briller for optikar og nål og tråd for skreddartenester. Framleis var utforminga stort sett enkel og grei.

Påverknad frå USA

Men snart byrja påverknaden frå USA for alvor å gjere seg gjeldande. USA var det store reklamelandet, som utvikla marknadsføring og nye reklameformer for eit kjøpesterkt publikum. Ikkje minst byrja ein å forstå kor viktig bilete og det visuelle uttrykket var i reklame og annonsar.

Vi fekk eigne reklameforeiningar, reklameblad og reklameskule. Fleire dyktige norske teiknarar tok i bruk humor i reklamen, og med bakgrunn i vekeblada og humorblada som kom ut på denne tida, laga dei mykje underhaldande reklame.

Ei smilande kvinne i kjole held eit glas med majones. Ein smilande mann held eit fat med salat. Kvinna har teke ein bit salat på ein gaffel, som ho held opp mot mannen. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter første verdskrigen og den såkalla jobbetida som kom etterpå, blei det økonomisk gode tider her i landet.

Publikum blei meir kjøpekraftig. Også i Noreg fekk vi mange dyktige reklamefolk som formidla kjøpsbodskapen mellom produsentar og publikum.

Norsk reklame i utvikling

Eit glas øl står framfor eit norsk flagg. Ved sida av står teksten «Drikk øl – for det er norsk!».

1930-talet blir rekna som det store tiåret i norsk reklame. Vi fekk ei vekepresse med godt teknisk utstyr som kunne gi att teikningar og foto i høg kvalitet, og i annonsane kom det eit tempo og eit moderne uttrykk som var på høgd med det beste som blei laga i utlandet.

Trass i økonomiske nedgangstider fekk vi ein reklameindustri som utvikla mange gode og fantasifulle reklamar. Flotte postkort, bokomslag og vekebladillustrasjonar laga av dei same reklameillustratørane førte til at det var reklamen som prega folks biletkonsum i dette tiåret.

I 30-åra fekk NRK framleis inntekter frå radioreklame. Ordninga tok slutt då Noreg blei okkupert av tyskarane i 1940.

Radioreklame for vaskemiddelet Persil frå 1930-åra

0:00
-0:00

Krig og nedgangstider

Ein tysk SS-soldat tek ein norsk soldat i handa. I bakgrunnen ser vi baugen av eit vikingskip. Over står teksten «Med Waffen-SS og Den Norske Legion mot den felles fiende … mot bolsjevismen». Teikning.

Okkupasjonen 1940–45 førte til nedgangstider for reklamen. Det blei papirrasjonering og forbod mot annonsar og reklamar over ein viss storleik. Vareutvalet minka i stor grad, og det var ikkje lenger naudsynt å annonsere.

Ein av dei store illustratørane og reklameskaparane frå 1930-talet, Harald Damsleth, gjekk i nazistane si teneste, og plakatane og propagandateikningane hans for Nasjonal Samling og bodskapen til partiet prega mykje av det visuelle landskapet i Noreg i okkupasjonsåra.

Etter krigen var det tid for å byggje landet opp att. Rasjonering og det magre vareutvalet frå krigen blei smått om senn erstatta av stadig nye produkt i varehandelen, noko som kravde ei aktiv marknadsføring. Etter krigen blei foto av krigsheltar brukte for å gi produkta ein tilleggsverdi.

Konkurranse og spesialisering

Varer innan same produktgruppe konkurrerte med kvarandre, og produkta blei stadig meir spesialiserte. Der ein tidlegare hadde ei universalsåpe som dekte dei fleste behova (Sunlight), fekk ein no eigne såper for oppvask, handvask, kroppsvask, hårvask, barnevask osb.

Dette finn vi att i reklamen, som skulle gjere folk merksame på kor viktig det var å kjøpe eigne såper for ulike behov. Tannkremen fekk tilført all verdas tilleggsverdiar og var ikkje lenger «berre» tannkrem, men eit vitskapleg utvikla produkt som skulle ta vare på tennene dine på beste måten og gi deg ein eigen ring av sjølvkjensle.

Fotografiet lyg ikkje

Ei ung jente i raud kjole støvsugar eit teppe og ler. I bakgrunnen sit ei raudkledd kvinne på ein sofa og les i eit blad. Foto.

Den individuelle teiknaren blei etter kvart erstatta av profesjonelle marknadsførarar og salspsykologar som innførte spesialdesigna annonsar for dei ulike målgruppene. Foto blei stadig oftare tekne i bruk, og reklamen blei i større grad resultatet av teamarbeid. Foto blei rekna for meir truverdige i reklamen, og ein fann ut at dei trekte til seg større merksemd enn teikningar.

Det var ikkje noko nytt at kjendisar frå idretts- og kulturliv blei utnytta i reklamen, men dette blei no sett i system. Kjende figurar som Wesenlund og Heide Steen stod fram i mange reklamar, og nye reklameord og omgrep som «sjekkis» gjekk inn i daglegspråket.

Påverknad frå utlandet

På 1960-talet blei norsk reklamebransje internasjonalisert, og dei store verdsomspennande reklamebyråa etablerte seg i Noreg, gjerne ved at dei kjøpte opp dei norske byråa. I dag dominerer dei internasjonale reklamebyråa i den norske marknaden.

Reklamefilm på kino blei ein viktig marknadskanal for produsentane, og dei utanlandske reklamefilmane dominerte den stadig viktigare marknadsføringa av livsstilsprodukt for ungdom. På 80-talet byrja dei reklamefinansierte TV-kanalane å vinne innpass i norske heimar via parabolantenner, og reklamen blei eit fast innslag i mange av dei mest populære kanalane.

Reklame i alle kanalar

Nye former for reklame blei innførte, eller reklamen blei gjord meir synleg enn før, som produktreklame i spelefilmar og TV-seriar. Musikkvideoar opna ein ny reklamemarknad for musikk, og for barn kom teiknefilmane som berre hadde som føremål å marknadsføre leikeprodukt (He-Man, Pokemon). Direktereklame i postkassa (DM) auka i omfang, og stadig tjukkare papiraviser med mange annonsebilag blei vanleg.

Ein bygning er dekt av reklameskjermar og reklameskilt med neonlys. Framfor bygningen går det mange menneske. Foto.

Utandørsreklame er ikkje noko nytt, men han er stadig blitt meir dominerande og påtrengjande i det offentlege rommet, i form av lysreklamar, reklamesøyler, reklamar på bilar og bussar, veggflater osv.

Klede som reklamerer for sitt eige produktnamn, er òg noko forholdsvis nytt i reklameverda.

Internett og sosiale nettverk har ført til at reklamen rettar seg direkte til deg, skreddarsydd til deg og dei interessene du har.

Eit bilete på vår tid

Ein analyse av reklamar frå ulike tidsperiodar vil vise at dei på godt og vondt er eit spegelbilete av tida dei blei til i. Reklamen viser ideal og verdiar i samfunnet, men reklamen er samstundes noko meir. Dei ulike reklameuttrykka påverkar haldningane og ønska våre, og er med på å forme kvardagen og tilhøvet vårt til verda omkring oss. Reklame kan også spele på nasjonal identitet.

Reklamen påverkar oss som enkeltpersonar og som grupper, og ofte speler han på nasjonal identitet, noko vi kan sjå av reklamehistoria. Samstundes er reklamen i Noreg prega av stadig meir internasjonal reklame, noko som styrer utviklinga av språk og haldningar bort frå det norske.

Influensarar og algoritmar i marknaddsføring

I 2020 har reklamebransjen flytta ein stor del av marknadsføringa over på sosiale mediekanalar, der blir brukte til å marknadsføre ulike produkt. Influensaren profilerer produkta eller tenestene til annonsøren mot avtalt godtgjersle. Sponsa reklameinnhald blir publisert på ulike digitale plattformer, som Instagram, YouTube, Snapchat, Facebook og TikTok.

Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningar og handlingsmønster hos ei stor målgruppe. Internettprofilar med mange følgjarar kan kallast digitale opinionsleiarar.

Sophie Elise Isachsen snakkar i mikrofon på prisutdeling. Ho held eit diplom og ein blomebukett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reklamebransjen har i vår tid også teke i bruk algoritmar som identifiserer forbrukarane sine preferansar på bakgrunn av informasjon som vi legg att på internett. Slik blir reklamebodskapen skreddarsydd til kvar enkelt forbrukar. Reklamebransjen støttar på denne måten opp under ei samfunnsutvikling der det blir lagt stor vekt på individualitet, altså enkeltindividet sin rett til å velje kven ein vil vere, og kva ein vil kjøpe.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar