Hopp til innhald

Fagstoff

Cerebral parese (CP)

Cerebral parese, CP, er ei samlenemning for ei gruppe tilstandar av kronisk funksjonshemming som finst i mange former og alvorsgrader. Cerebral parese kjem av ein skade i den umodne hjernen. Denne skaden kan oppstå i fosterlivet, under fødselen eller i løpet av dei to–tre første barneåra.
Kvinne held mobiltelefon for mann i rullestol. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Cerebral parese kjem av ein skade i den umodne hjernen. Nokre kjende årsaker til CP er for tidleg fødsel, låg fødselsvekt, oksygenmangel hos barnet under fødselen, at barnet har vore nær ved å drukne, eller at barnet har fått infeksjonar eller ulike typar hovudskadar dei første leveåra. Korleis skaden artar seg, kjem an på kor stor skaden er, og kva del av hjernen som er skadd.

Hjerneskaden som ein person har fått, kan ikkje endrast, men det er mogleg å endre på dei konsekvensane han kan få i livet. Til dømes kan ein person ha andre tydelege plager som vaksen enn dei han eller ho hadde som barn. Endringar i funksjonsnivået gjer at ein person har ulike behov for oppfølging på ulike alderstrinn i livet.

Symptom

Dei første symptoma på cerebral parese er at den motoriske utviklinga er forseinka, og at muskulaturen kan vere slapp. Personen kan derfor ha vanskar med både grovmotoriske ferdigheiter som å gå og springe, og med finmotoriske ferdigheiter som mellom anna å skrive og snakke.

Hjerneskaden påverkar signala både frå hjernen til musklane og frå sansecellene i kroppen til hjernen. Det gjer at hjernen mistolkar ein del signal, og det kan skape ufrivillige rørsler, dårleg balanse og ustø gonge.

Etter kvart blir symptoma på CP tydelegare, og personen får spastiske, stive musklar. Dette kan gi feilstillingar i ledd, noko som gjer sjukdomsbiletet endå verre. Særleg kan ein som vaksen få belastningsskadar i musklar, sener og ledd som følge av dette.

Etter fleire år med CP er det vanleg med seinfølger som auka trøyttleik, utmatting, redusert gongfunksjon og kroniske smerter i musklar og ledd.

I tillegg til reint motoriske vanskar har ein del menneske med CP òg andre handikap og lidingar. Epilepsi og ete- og svelgeproblem er nokre av dei. Forstyrringar i sansefunksjonen kan gi nedsett syn og nedsett høyrsel. Hos mange kan kommunikasjonsproblem vise seg som utydeleg tale eller ingen tale.

Ein del menneske med CP har lærevanskar. Dette treng ikkje å ha noko med det intellektuelle nivået å gjere. Nokre med CP er på eit lågare intellektuelt nivå enn jamaldrande, mens andre kan ha eit heilt vanleg intellektuelt nivå.

Det er vanleg å dele cerebral parese inn i undergrupper. Den største undergruppa er spastisk cerebral parese. Her er spastisitet det mest dominerande symptomet. Spastisiteten kan ramme den eine eller begge sider av kroppen, men berre beina eller dei fire ekstremitetane (bein og hender) kan vere ramma. Den andre undergruppa er dyskinetisk cerebral parese, der ufrivillige rørsler er det tydelegaste symptomet. Den tredje undergruppa har ataksi som hovudsymptom. Det gir dårleg balansefunksjon og nedsett koordinasjon av viljestyrte rørsler. Sjølv om cerebral parese er delt inn i tre hovudformer eller undergrupper, er det ikkje uvanleg å ha ein kombinasjon av dei.

Behandling

Behovet for hjelp og tilrettelegging for ein person med cerebral parese kjem an på kor alvorleg hjerneskaden er. Somme treng berre litt tilrettelegging og kan leve eit liv nærast på lik linje med personar utan funksjonshemmingar. Andre treng meir hjelp og tilrettelegging, mens enkelte har så store funksjonshemmingar at dei treng hjelp, tilsyn og pleie på dei fleste område.

Ein del menneske med cerebral parese treng hjelp frå fleire yrkesgrupper. Då er tverrfagleg samarbeid svært viktig.

Cerebral parese kan ikkje kurerast, men det finst ulike former for behandling og tilrettelegging som kan vere nyttige for at personane skal fungere best mogleg i kvardagen. Det har mykje å seie at behandlinga startar tidleg. Det gir barna betre høve til å få kontroll over sitt eige liv, mellom anna handlar det om korleis dei kan kompensere for det dei ikkje meistrar.

Nokre aktuelle former for behandling kan vere fysioterapi, ergoterapi og språktrening. Personar med cerebral parese kan bruke medikament for å kontrollere anfall, lindre smerter og redusere muskelspasmar. Kirurgiske inngrep der ein stabiliserer ledd og korrigerer feilstillingar kan vere aktuelt for å gi større rørsleevne. Ulike typar hjelpemiddel kan vere nyttige for at personane lettare skal meistre aktivitetar i kvardagen. Slike hjelpemiddel kan til dømes vere rullator, rullestol og ulike kommunikasjonshjelpemiddel.

Utfordringar til deg

  1. Kva er cerebral parese?

  2. Kva er årsakene til cerebral parese?

  3. Kva er dei vanlegaste seinfølgene av cerebral parese?

  4. Seinfølger av cerebral parese kan komme tidleg, ofte i ung vaksen alder. Kvifor er det slik, trur du?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Nedsett funksjonsevne