Hopp til innhald

Fagstoff

Reinhald som grunnleggjande smitteverntiltak

Ein del mikroorganismar kan vere levedyktige i støv og ureine felt over lengre tid, og støv og skit kan bli reservoar for smitte. Godt reinhald reduserer både mengda av mikroorganismar og høva dei har for å formeire seg.
Mann vaskar trapp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er alltid ei viss mengd støv, mikroorganismar og andre partiklar på golvet. Di større mengda er, di meir blir kvervla opp ved rørsle og arbeid. Når synleg støv og ureinleik er fjerna, er innhaldet av mikroorganismar i miljøet til pasienten passeleg lågt.

Utstyr

Alt utstyr som personalet og pasientane kjem i kontakt med, bør haldast regelmessig reint. Difor er det viktig at reingjeringsutstyr blir brukt på rett måte, og ikkje blir ei reservoar for mikroorganismar. Ustyret må heller ikkje fungere som transportør av smitte frå område til område.

Vaskeservantar er alltid sterkt ureinande. Det same er toalettsete. Dei inneheld hudflora frå ulike brukarar. Faren for smitte er likevel liten dersom det ikkje er søl. Søl av blod, avføring, sekret og liknande skal tørkast opp med ein gong med cellestoff eller papir som vi kastar. Deretter skal området vaskast og desinfiserast.

Ein institusjonsservant med såpe, hånddesinfiksjon og fuktigheitskrem.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagleg reingjering

Dagleg reingjering skjer ved å bruke vatn tilsett reingjeringsmiddel (fuktig mopping er vanleg). Fuktig reingjering bind støvet og hindrar at mikroorganismar blir kvervla opp. Område som mange hender tek på, skal vaskast dagleg. Det er viktig at vi ikkje overser noko område i denne daglege reingjeringa.

Dersom det same utstyret blir brukt på fleire område, skal vi alltid begynne i dei reinaste områda og gå mot dei mindre reine. Er ikkje dette mogleg, skal alt brukt reingjeringsutstyr bytast til reint, eventuelt reingjerast eller desinfiserast før vi går vidare til neste område.

CC BY-SASkrive av Jørn Stordalen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Hygiene i arbeid med menneske