Hopp til innhald

Fagstoff

Det norske systemet i senit 1960–1980

Fjernsynet vart det femte store massemediet i Noreg. Det hadde stor tiltrekkingskraft og overtok etter kvart avisene si rolle som den viktigaste arenaen for politisk debatt. Styresmaktene innførte støtteordningar for å sikre mangfaldet i media.

Fjernsynet blir allemannseige

Fjernsynet vart det femte store massemediet i Noreg. Den offisielle opninga av fjernsynet skjedde i 1960. I løpet av 1960-åra hadde dei fleste hushalda skaffa seg fjernsyn, og mediet spreidde seg raskare enn noko anna medium hadde gjort tidlegare.

Ein familie er klar til å sjå på fjernsyn på slutten av 1950-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fjernsynet vart snart eit populært nyheitsmedium, men fekk òg ein sentral plass som kulturformidlar og underhaldningsmedium. NRK hadde no monopol på utsending av både radio og fjernsyn, og fleire var uroa over dei tette banda mellom statskringkastinga og dei politiske makthavarane i landet.

Sjå eit innslag med mediehistorikar Henrik Bastiansen om politisk utnemning av kringkastingssjefar på NRK Skole.

Dei andre massemedia vart i stor grad påverka av fjernsynet og vart nøydde til å tilpasse seg den nye situasjonen. Det at fjernsynet vart innført, endra derfor heile mediebiletet i Noreg.

Den politiske debatten endrar karakter

Avisene fekk no ein konkurrent på nyheitsområdet og som politisk debattarena. Fjernsynet hadde stor tiltrekkingskraft og stor gjennomslagskraft og vart snart ein viktig arena for politikarane. Fjernsynet fanga opp dynamikken frå dei politiske folkemøta der politiske motstandarar måtte sjå kvarandre i kvitauget.

Med fjernsynet kom òg "revolverjournalistikken", slik mellom andre journalisten Kjell Arnljot Wig praktiserte han i programmet Åpen post. Her måtte leiande politikarar svare for seg, stilt overfor til dels nokså ubehagelege spørsmål.

Ei gruppe menneske er samla til debatt i eit fjernsynsstudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Radioen i omstilling

Radioen måtte omstille seg fullstendig, ettersom publikum valde fjernsynet som underhaldningsmedium på kveldane. Sendingane vart derfor rusta opp på andre tider av døgnet. Radioen utnytta føremonen sin som eit raskt nyheitsmedium. Fjernsynsproduksjon var framleis ein nokså omstendeleg prosess, mens radioen kunne levere oppdaterte nyheitssendingar fleire gonger i døgnet. I konkurransen med fjernsynet utnytta radioen òg føremonen sin som eit raskt og intimt medium.

Ein radioreporter intervjuar ei ung kvinne i bikini. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reiseradioen med Harry Westerheim 1965

0:00
-0:00

Nedgangstid for underhaldningsmedia

I dei første åra med fjernsyn tapte kinoen halvparten av publikumet sitt til det nye mediet. Vekeblada opplevde òg ei krise, heilt til dei skjønte at fjernsynet var godt stoff, til dømes ved å omtale fjernsynsprogram og nye tv-kjendisar.

Staten såg behovet for å sikre mediemangfaldet og innførte ulike støtteordningar. Mellom anna vart det laga ei støtteordning for bokbransjen gjennom innkjøpsordninga, og avisene fekk pressestøtte.

Det medievridde samfunnet

På 1960- og 1970-talet rasa debatten om norske medium var høgre- eller venstrevridde. Dei politiske frontane mellom venstre- og høgresida i norsk politikk hardna til i denne perioden. Media, og særleg fjernsynet, hadde utan tvil ei mobiliserande kraft.

Medievitaren Gudmund Hernes lanserte på 1970-talet omgrepet det medievridde samfunnet. Han var oppteken av korleis folk i større og større grad levde i ei medieskapt verkelegheit, og korleis dette prega det norske samfunnet.

Avisframsider frå 1972 om folkerøystinga for eller mot norsk medlemskap i EU. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)