Hopp til innhald

Fagstoff

Den politiske offentlegheita 1814–1850

I 1770 blei sensuren oppheva i Danmark-Noreg. Då Danmark og Noreg skilte lag i 1814 blei prinsippet om trykkjefridom nedfelt i § 100 i Grunnlova. I tida etter 1814 blei avisene ein viktig arena for den offentlege debatten i Noreg.
Faksimile av grunnloven. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sensuren blir oppheva

I 1770 fekk den liberale legen Johann Friedrich Struensee ein maktposisjon ved det danske hoffet. Han var oppteken av dei franske filosofane i samtida og dei ideane dei hadde om fridom og menneskerettar. Som livlege hadde Struensee stor innverknad på den sinnssjuke kongen. Han innleidde til og med ein romanse med dronning Caroline Mathilde og fekk eit barn med henne.

Noko av det første Struensee gjorde, var å oppheve sensuren og innføre trykkjefridom. Slik opna han for ein fri offentleg debatt. Filosofane i opplysningstida meinte at ein fri debatt var føresetnaden for å utvikle eit godt samfunn.

Resultatet blei eit frislepp av litteratur og aviser. Forfattarane tok i bruk nye verkemiddel som ironi og satire, no då ingen lenger kunne straffast for å håne makteliten eller andre personar dei hadde noko uteståande med. Men mangel på grensesetjing førte også til at rykte og vondsinna sladder spreidde seg som eld i tørt gras. Kanskje kan vi sjå ein parallell mellom 1770-åra og dei grenselause meiningsytringane i nye sosiale medium i vår tid?

Etter berre halvtanna år tok eineveldet makta tilbake. Trykkjefridomen blei innskrenka, men sensuren blei ikkje gjeninnførd. Struensee blei kasta i fengsel og avretta.

""Den Stormægtigste Dronning Caroline Mathilde til Hæst". Struensee og hans elskerinne ble selv utsatt for samtidens satire. Her
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trykkjefridomen blir grunnlovfesta

Forsiden av Skilling-Magazine fra 14. mars 1891. Bilde.

Prinsippet om trykkjefridom blei nedfelt i den norske Grunnlova av 1814, der det i § 100 heiter: "Trykkefrihed bør finde sted." 1814 er derfor eit viktig skilje i norsk mediehistorie.

Trykkjefridomen innebar at det ikkje lenger var risikabelt å kritisere styresmaktene, regjeringa og kongen. I praksis blei dei fleste norske avisene opposisjonelle og stilte kritiske politiske spørsmål.

I tiåra etter 1814 blei avisene ein viktig arena for den offentlege debatten. Før las folk i Noreg danske aviser, men i denne epoken blei det etablert fleire norske aviser. Frå 1819 kom Morgenbladet ut som den første norske dagsavisa.

I 1837 blei formannskapslova vedteken, og landet inndelt i kommunar. Det førte til at folk rundt om i landet fekk moglegheit til å styre sjølve i lokale saker. I kjølvatnet av denne lova voks det fram nye lokalaviser og regionsaviser som talerøyr for ulike grupper i folket.

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)