Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er internkontroll?

Med internkontroll meiner vi «systematiske tiltak som skal sikre at bedriftens aktiviteter planlegges, organiseres, utføres og vedlikeholdes i samsvar med krav fastsatt i eller i henhold til helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen».
Helsearbeider fyller ut dokumenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internkontroll definerer vi også som «egenkontroll som innebærer at bedriften selv skal påse at den følger aktuelt regelverk».

Handbok

Bedriftene har ei internkontroll-handbok/HMS-handbok. Handboka inneheld prosedyrar eller framgangsmåtar knytte til det som kan vere risiko eller helsefarlege tilhøve på den aktuelle arbeidsplassen. Ein helseinstitusjon har difor ei anna internkontroll-handbok/HMS-handbok enn ein bensinstasjon. Dei ulike helseinstitusjonane har også ulike handbøker avhengig av kva pasientgruppe det dreier seg om, kva utstyr og inventar institusjonen har, og bygningsmassen ved institusjonen.

Internkontrollforskrifta

Som tilsett i ei bedrift skal du setje deg inn i internkontrollforskrifta. Der finn du til dømes rutinar som ein skal følgje ved brann, rutinar ein skal følgje ved avvik, rutinar for å handtere avfall og rutinar for å bruke utstyr.

Å setje seg inn i internkontrollforskrifta tilseier at du tek medansvar for helse og tryggleik både for deg og dei andre tilsette og for miljøet utanfor bedrifta.

Dialog

God dialog mellom dei tilsette og leiinga er ein viktig reiskap i HMS-arbeidet. Det er arbeidsmiljøet for dei tilsette vi skal sikre, og det er dei tilsette som erfarer kva område dei opplever som problematiske. Det å gi tilbakemelding handlar også om å gi positiv respons og å melde frå om eventuelle avvik.

Avviksrapport

Avvik er brot på dei prosedyrane og forskriftene som bedrifta har skrive ned i internkontrollforskrifta. Når det oppstår avvik, skal ein skrive ein avviksrapport slik at bedrifta kan lære av feil og heile tida arbeide med kvalitetsbetring.

Les kva internkontrollforskriften inneber.

Utfordringar til deg:


  1. Kva inneheld ei HMS-handbok?
  2. Kvifor trur du det er viktig at internkontroll skal vere systematisk? Diskuter dette i klassen.
  3. Kvifor skal ein tilsett i ei bedrift setje seg inn i internkontrollforskrifta? Kva handlar denne forskrifta om, og kvifor er det nødvendig å kjenne til henne?
  4. Det heiter at ein god dialog mellom dei tilsette og leiinga er ein viktig reiskap i HMS-arbeidet. Kvifor er dette ein viktig reiskap?
  5. Kvifor skal ein skrive avviksrapport når prosedyrane i bedrifta blir brotne?
  6. Kva lover og forskrifter skal vere tilgjengelege i helseinstitusjonar?
  7. På kva måte kan bedrifta sjå til at kunnskap og erfaring hos arbeidstakarane blir utnytta? Kvifor er dette nyttig?
  8. Gi eksempel på eit mål for helse, miljø og tryggleik på ein arbeidsplass i helsetenesta.
  9. Dersom du er utplassert i Yrkesfagleg fordjuping, spør om å få sjå måla for helse, miljø og tryggleik der du er.
  10. Kven går vernerundar på ein arbeidsplass, og kva er formålet med dette?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

HMS i arbeidslivet