Oppgåve: Arbeidsoppdrag
The Transporter

I filmen The Transporter speler Jason Statham eks-marinejegeren Frank Martin. Martin tek ulike strøjobbar, og uansett oppdrag er han svært oppteken av kvalitetssikring.
Sjå klippet frå The Transporter her: The Transporter bank scene. Her er Frank Martin leigd inn som sjåfør i samband med eit ran.
- I Frank Martin si verd er det å vere sjåfør for eit ran eit serviceoppdrag – og han har sin eigen måte å kvalitetssikre oppdraget på. Korleis gjer han det?
- Kunden forsøkjer å reforhandle oppdraget i ein kritisk fase. Korleis handterer Frank Martin innvendingane kunden har?
- I den verkelege verda er det å følgje gjeldande regelverk ein viktig del av kvalitetssikringa. For Frank Martin er ikkje dette så viktig. Set opp ei liste med punkt som viser aktuelle føresegner som Martin måtte teke omsyn til om han hadde vore fagarbeidar i transportbransjen.
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve
