Rettleiing

Digitale verktøy for reporterar

Publisert: 23.02.2011, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

MIKverksted reporteren sidespalte

 

Verktøyliste

 

Idéutviklingsfasen:

 

Creaza

 

 

Research

 

Tips på Mediana.no:

Nettfangst og kildekritikk

Pressekonferanse

Pressemelding

 

Søk i offentlege arkiv:

 

Nettverktøy for journalistar:

 

SKUPS verktøykasse

 

Viktige lover:

Alltid kvalitet

 

Denne er for vidarekomne:

Databasejakt med WikiLeaks

 

 

Notatteknikk

 

Frå boka Journalistikkens grundtrinn: Sitater og notatteknikk (dansk)

 

 

 

Skriveverktøy

 

Skriveregler og grammatikk 

 

Nettbladet: Skrivetips

 

Korrekturavdelingen

 

 

 

Skriv saman

Under verktøyfana (App) øvst på denne sida finn du eit verktøy som er fint å bruke dersom de er ei gruppe som skal samarbeide om å skrive ein avisreportasje.

 

 

 

 

Komme i gang

Utgangspunktet for ein god reportasje er alltid ein original idé og ei interessant og overraskande vinkling. Eit tankekartverktøy kan vere til god hjelp i idéfasen, særleg dersom du bruker det i samspel med andre medlemmer i redaksjonen.

Tankekart

Her har reporteren fått i oppgåve å lage ei sak om vidaregåande skule. Men kva skal saka handle om, og kva for vinkling skal brukast?

Tankekartverktøyet Mindomo er ein del av multimedieverktøyet Creaza. Start med å skrive ned dei ideane som fell deg inn. Deretter skriv du ned ulike vinklingar du kan bruke. Få gjerne hjelp av andre til å forkaste uinteressante og oppbrukte vinklingar.

Research

Når du har valt problemstilling og vinkling, må du skaffe deg bakgrunnskunnskap om saka. Med research meiner vi all informasjon du treng frå ulike kjelder for å lage reportasjen.

Eksempel på bakgrunnskjelder er:

  • postjournalar
  • offentlege arkiv
  • søk på Internett
  • bøker
  • sosiale medium (f.eks.Twitter)
  • pressemeldingar
  • pressekonferansar
  • bakgrunnsintervju

 

Hjelpemiddel i felten

Har du sjølv opplevd å bli omtalt i avisa eller på lokalradioen? Ingenting er så irriterande som at journalisten har gitt att det du har sagt på ein feil måte, eller skrive namnet ditt gale. God notatteknikk er derfor viktig.

To enkle tips:

  • Få kjelda til å skrive ned namnet sitt på notatblokka sjølv.
  • La kjelda lese gjennom det du har skrive, før du publiserer det. Men hugs: Ikkje la kjelda endre teksten slik han eller ho i ettertid skulle ønskje å ha uttrykt seg!

Når du dreg ut på ein reportasje for avisa, må du ha med deg notatblokk, minst to pennar, og gjerne også ein lydopptakar. I tillegg kjem sjølvsagt fotoapparat. Og hugs: Batteriet må vere ladd opp! Ta gjerne med ekstra minnebrikke og ekstra batteri.

Lag ei liste over dei motiva du treng, og ta mange bilete frå ulike vinklar. Da har du noko å velje mellom.

Til inspirasjon: Fotojournalisen  

Skrivefasen

Det viktigaste skriveverktøyet ditt er datamaskinen. Men det finst nokre nettbaserte verktøy og rettleiingar som kan gjere skriveprosessen enklare.

Teksten bør vere variert og lett å lese. Følg gjerne skrivetipsa til NTNU og Nettbladet. På Internett finn du også elektroniske ordbøker og korrekturlesingsverktøy.

Oppgåver

Praktisk stoff for