Hopp til innhald

Fagstoff

Skulen

I Noreg kom dei første skulane på 1700-talet. Dette var omgangsskular der elevane i hovudsak lærte kristendom og lesing. Det var vanleg med nokre vekers skule i året.
Elev rekker opp hånda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den obligatoriske grunnskulen i Noreg er i dag 10-årig, og barna startar som 6-åringar. Etter fullført grunnskule vel dei fleste å halde fram i den vidaregåande skulen, som er frivillig. Dei fleste barna går i offentlege skular, men nokre vel private skular.

Grunnskulen er gratis og byggjer på prinsippet om ei likeverdig og tilpassa opplæring for alle barn. Det er skulerett og skuleplikt i grunnskulen. Kommunane er ansvarlege for grunnskulane. Skulane i Noreg er svært forskjellige, nokre er store med mange hundre elevar, mens andre er så små at fleire alderstrinn har undervising saman.

Ein må søkje om plass i den vidaregåande skulen, men all ungdom mellom 16 og 24 år har lovfesta rett til treårig vidaregåande opplæring. Dei fleste kjem inn på det utdanningsprogrammet dei har som førsteønsket sitt. Hausten 2007 starta innføringa av gratis læremiddel i vidaregåande skule. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for dei vidaregåande skulane.

Elevar går ut av vidaregåande skule med:

  • studiekompetanse eller
  • yrkeskompetanse eller
  • kompetanse på lågare nivå

Dersom ungdom mellom 16 og 19 år ikkje søkjer eller tek imot tilbod om opplæringsplass, eller viss dei droppar ut av skule eller bedriftsopplæring og heller ikkje har fast arbeid, har fylket eit ansvar for å leggje til rette for eit tilbod. Det er oppretta ei eiga oppfølgingsteneste (OT) for dette.

Relatert innhald

I dag har vi skulerett og skuleplikt i ti år – frå barnet er seks år. I tillegg går dei fleste norske barn i barnehage frå dei er cirka tolv månader gamle.

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingar