Hopp til innhald

Fagstoff

Helsesektoren

I Noreg er det eit offentleg ansvar å sikre nødvendige helse- og omsorgstenester til alle. Ansvaret for helsetenestene er fordelt mellom staten, fylkeskommunane og kommunane.
Skjematisk framstilling av helse- og omsorgstenestene frå staten via Helse- og omsorgsdepartementet og derunder helseføretaka på den eine sida og helse- og omsorgstenestene i kommunane på den andre sida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsepolitikk

Staten har eit overordna ansvar for helsepolitikken i landet og skal sikre at alle har lik tilgang til helsetenester. Statens helsetilsyn har ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helsetenestene. Stortinget og regjeringa gjer vedtak om lover og forskrifter, mens Helse- og omsorgsdepartementet skal sørge for at dei politiske vedtaka blir sette i verk.

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for helsepolitikk, folkehelse, helsetenester, kommunale tenester til eldre og funksjonshemma, helselovgiving og delar av sosiallovgivinga i Noreg. HOD har òg ansvaret for alkohol- og narkotikapolitikken i Noreg. Helse- og omsorgsministeren er den øvste leiaren i departementet.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet

Folkehelseinstituttet (FHI) er eit statleg forvaltingsorgan som er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. FHI arbeider med forsking og analyse og skal produsere og formidle kunnskap som bidreg til god folkehelse. FHI gir råd til heile helsesektoren, inkludert Helse- og omsorgsdepartementet, og har òg ansvaret for at det er nok vaksinar tilgjengeleg.

Helsedirektoratet er òg underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Det skal styrke helsa til befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Helsedirektoratet gir konkrete råd om helsefremmande og førebyggande tiltak, i tillegg til at dei har eit heilskapleg ansvar for den nasjonale helseberedskapen. Helsedirektoratet har òg ansvaret for autorisasjon av helsepersonell.

Pressekonferanse med tre personar på eit podium. Journalistar med munnbind sit på stolar med stor avstand framfor podiet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunnstrukturen i helsetenesta

Helsetenesta i Noreg blir delt inn i ei primærhelseteneste og ei spesialisthelseteneste. Nokre helsetilbod er organiserte i fellesskap av kommunen og staten, som til dømes distriktsmedisinske senter, enkelte rehabiliteringstilbod og hospicetilbod.

Primærhelsetenesta

Kommunen skal sørge for at alle som bur i og oppheld seg i kommunen, uavhengig av alder, funksjonsnivå og etnisk bakgrunn, får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Primærhelsetenesta er altså ansvaret til kommunen, og ho omfattar tenester som

  • helsestasjon og skulehelseteneste
  • fastlegeordning
  • legevakt
  • offentleg fysioterapiteneste
  • jordmorteneste

  • brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

  • institusjonsteneste
  • rusomsorg og psykisk helsearbeid

Spesialisthelsetenesta

Spesialisthelsetenesta er ansvaret til staten. Ho er organisert i fire regionale helseføretak (RHF) som blir styrte av Helse- og omsorgsdepartementet. RHF-ene skal sørge for at dei som bur i eller oppheld seg i helseregionen, får tilbod om spesialisthelsetenester som til dømes

  • sjukehus- og andre spesialisthelsetenester

  • ambulanseteneste

  • røntgentenester

  • utdanning og opplæring av pasientar og pårørande

Ansvaret til fylkeskommunen

Fylkeskommunen skal sørge for at tannhelsetenester er tilgjengelege for alle som bur i eller oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har òg ansvar for hjelpemiddelsentralen.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen mellom primærhelseteneste og spesialisthelseteneste?

  2. Helsedirektoratet gir konkrete råd for å fremme folkehelsa, som til dømes kostråd og råd om fysisk aktivitet. Kva andre nasjonale faglege råd kjenner du til?

  3. Kven har rett til kommunale helse- og omsorgstenester?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Vigdis Haugan. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 02.02.2023

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene