Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Innkjøpssamarbeid

AS Tungtransport kjøper inn diesel gjennom medlemsavtalen i Norges Lastebileier Forbund (NLF). Lat oss sjå meir på slike avtalar.
  1. Gå inn på nettsidene til Norges Lastebileier Forbund her: NLF. Set opp ei oversikt over dei ulike medlemsavtalane som forbundet tilbyr. Kvifor trur du NLF kan tilby slike avtalar til medlemmene sine?
  2. Gå inn på nettsidene til OBOS. Set opp ei oversikt over dei ulike medlemsavtalane og medlemstilboda som OBOS tilbyr. Kvifor trur du OBOS kan tilby slike avtalar til medlemmene sine?
  3. Sjekk om du er, eller kan bli, medlem av ei tilsvarande innkjøpsordning som rettar seg mot ungdom. Vis i så fall kva den ordninga omfattar. Om du ikkje finn ei, kan du setje opp noko du meiner burde gå inn i ei slik ordning, og korleis ein kunne sikre seg nok medlemmer.

Relatert innhald

No skal vi sjå på korleis alle typar bedrifter kjøper inn varer og tenester. Så langt har vi sett mest på dei bedriftene som produserer fysiske produkt, men innkjøp er like aktuelt anten bedrifta satsar på produksjon, sal, rådgivande tenester eller har ansvar for offentleg forvalting og service.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt