Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

NIKE European Logistics Center

Mange store bedrifter har distribusjonslager som skal dekkje ein heil verdsdel. I denne oppgåva skal du arbeide med ein film frå europalageret til NIKE i Laakdal i Belgia. Lageret har over 1 500 tilsette og forsyner heile Europa med sportsklede og sko frå NIKE.
NIKE sneakers
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå filmen frå NIKE her: NIKE European Logistics Center

1. Lag ei oversikt over dei viktigaste funksjonane i eit slikt distribusjonslager.

2. Tenk deg korleis eit slikt lager kan organiserast med innstraum, lagring og utstraum av varer. Teikn ei planløysing over heile anlegget.

3. Kva for nokre typar handteringsutstyr ser du i bruk på filmen?

Relatert innhald

Vi deler lager inn i ulike typar, og her skal vi sjå på nokre av dei vanlegaste lagertypane.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt