Skriv ut Lytt til tekst
 

Tema

Alana hjelper elevane

Her møter du Alana som er barne- og ungdomsarbeidar på Berghammeren videregående skole. Som fagarbeidar får Alana ulike oppgåver og utfordringar. Alana jobbar med elevar som har behov for spesiell tilrettelegging i skolen. Hovudtemaet i denne oppgåvesamlinga er kommunikasjon.

Alana deltek i HMS - arbeidet

Alana er vald til verneombod og deltek i risikovurdering på ulike rom på skolen. Ho deltek også i arbeidet med å finne årsaker til eit auka sjukefråvær. Når skolen gjennomfører ei varsla brannøving, har Alana ansvar for Preben som sit i rullestol.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Medarbeidarsamtalen

Samtaler

I dag skal Alana til medarbeidarsamtale med sjefen sin. På førehand har Alana fått ei liste med tema sjefen ønskjer at ho skal tenkje over. Sjefen har også bede Alana tenkje over om det er noko ho har behov for å drøfte.

Kvifor er det viktig at Alana førebur seg til medarbeidarsamtalen?

Sjå filmen og gjer oppgåva under.

Gå saman tre og tre. Ein er Alana, éin er leiar eller sjef, og éin er observatør. Gjennomfør ein medarbeidarsamtale.

For å gjere medarbeidarsamtalen meir realistisk kan de ta utgangspunkt i faget prosjekt til fordjuping eller i eigen skulesituasjon når de diskuterer.

Gruppa blir einig om kva observatøren skal sjå etter.

  1. Gjennomfør medarbeidarsamtalen.
  2. Observatøren fortel kva han eller ho har sett. Diskuter dette.
  3. Byt roller.

Tilrå
13

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Relasjon

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve