Levemåtar
Vi kan også forstå desse fenomena som livsstilsformer eller levemåtar som godt kan eksistere side om side på eitt og same tidspunkt og i eitt og same samfunn. Slik sett er fenomena heilt fri frå ei historisk tidslinje og utvikling. Dette gjeld mellom anna innanfor område som familie, religion og livssyn.
Om vi tek utgangspunkt i inndelingane ovanfor, er det i det tradisjonelle bondesamfunnet vanleg å leve tett i ein storfamilie. Denne kan vere sett saman av fleire generasjonar, gjerne opp til fire som lever under same tak og med felles hushald.
I det sjølvforsynte bondesamfunnet er det ein klar fordel med eit slik hushald: Meir arbeidskraft og fleire til å fordele dei ulike oppgåvene på.
I Noreg var slike storfamiliar vanleg tidlegare, men også i dag er det menneske som vel ei slik samlivsform, som du mellom anna kan sjå i dette videoklippet:
Det er nok ulike meiningar om kva ein familie er, men i vår del av verda har vi kanskje ein idé om at han er sett saman av ei mor, ein far og dei biologiske eller adopterte borna deira, alle plassert i det same huset. Og sjølv om mange har eit forholdsvis tett forhold til generasjonen over eller under (besteforeldre, barnebarn), er det i dag heller uvanleg at ein familie og eit hushald er sette saman av meir enn to generasjonar. På mange måtar kan vi seie at dette er ein moderne familie.
Likevel: Kor mange i klassen din er det som faktisk bur og lever i ein slik familie? Statistisk sett vil dette biletet stemme for litt under halvparten av oss. Minst like mange vil truleg leve i ein familie der biologisk far og mor bur på separate stader. Mange vil truleg bu saman med stemor eller stefar og i mange tilfelle også stesysken.
Der det i den tradisjonelle storfamilien kanskje var like mykje arbeidet som kjærleiken som heldt familien samla, er det i vår tid ikkje livsviktig på same måte å halde dei familiære banda på plass. Det å løyse opp ein familie er "enklare" i dag enn det var for to hundre år sidan, kanskje til og med for 30 år sidan : SSB og skilsmissetall
Der einskildmennesket i tradisjonelle samfunn i stor grad er ein liten del av ein større heilskap, er det moderne samfunnet derimot med på flytte fokuset bort frå den faste familieramma og inn mot individet. I staden for å bringe verdiane og tradisjonane i familien vidare, blir det for det moderne mennesket like viktig og kanskje viktigare å realisere seg sjølv.
I vår tid ser vi kanskje ein tendens til at familieomgrepet blir utvida og endra. Ein familie er ikkje alltid sett saman av mor, far og born, men kanskje i staden av to fedrar og born, eller to mødrer og born. Kanskje tenkjer vi også på venene våre som ein del av familien? Og kva med born som vi fjernadopterer? Er dei ein del av familien? Vi kan kanskje seie at den postmoderne familien ofte er fragmentert eller oppstykka, men at mange på same tid inkluderer andre og kanskje nye relasjonar i familieomgrepet.
Den postmoderne livsstilen er kjenneteikna av å leve utan fasit eller ankerpunkt å halde seg fast i, men på same tid tenkje at det er heilt greitt: "Whatever works" heiter det i Woody Allen sin film med same namn, der personane vi møter i utgangspunktet har levd eit liv etter faste mønster. Etter kvart oppdagar dei at det finst andre mulegheiter og andre levemåtar som også kan fungere. Den same haldninga ligg til grunn for det postmoderne. Det finst faste, tradisjonelle måtar å leve livet sitt på, men det er strengt teke ingenting som hindrar oss i å leve på heilt andre måtar, så lenge det fungerer...
Den same haldninga til blanding kan vi også sjå innanfor religion og livssyn. Sjølv om vi gjennom store delar av 1800- og 1900-talet har sett ein tendens til sekularisering, betyr ikkje det at religion ikkje er eit tema lenger.
Kanskje i større grad enn tidlegare ser vi i våre dagar ei aukande interesse for religiøse spørsmål og ikkje minst religiøse svar. På same tid ser vi også ein aukande tendens til at menneske blandar element frå ulike religionar og meir eller mindre set saman sin eigen. Vi snakkar ofte om nyreligiøsitet, og sjølv om dette er eit omgrep som femner om svært mykje, er det eit fellestrekk at den nye religiøsiteten nettopp blandar ulike religionar. Kanskje særleg er det element frå austlege religionar som har fått auka interesse, for eksempel yoga.
Mykje av den kritikken som vitskapane på 1800-talet stod for, er også blitt fanga opp i meir religiøse livssyn. Å tenkje seg skapinga som ein kombinasjon av naturleg utvikling i tillegg til ein "første ubevegeleg bevegar" er ikkje uvanleg.
I tillegg til dei religiøse livssyna har også ikkje-religiøse livssyn blomstra særleg i etterkrigstida. Slike livssyn set korkje Gud eller vitskapen i sentrum, men mennesket. Her heime skipa Kristian Horn Human-Etisk Forbund i 1956 med FN si menneskerettserklæring i sentrum: "Alle mennesker er født frie og like i verdighet og rettigheter. De er utstyrt med fornuft og samvittighet og bør handle mot hverandre i brorskapets ånd."
Eit viktig tema for forbundet er fridom, respekt og toleranse i val av livssyn. Forbundet har i dag rundt 80 000 medlemmer.
