Hopp til innhald

Fagstoff

På jobb i God Morgen Norge

Sidan 1994 har TV 2 laga aktualitetsprogrammet God Morgen Norge. Har du tenkt på kor mange personar som er i sving bak kulissane når eit direktesendt program skal på lufta?

Det er mange som må vere på jobb, når eit direktesendt program som God Morgen Norge skal på lufta kvar morgon måndag til fredag. Vi tok turen til TV-studioet i Oslo for å møte nokre av dei.

TV-produsenten

TV-produsenten gir instruksar til alle som er involverte i produksjonen, og passar på at alle gjer jobben sin. Han gir mellom anna beskjed om kva for kamera som skal ut på lufta, og kva utsnitt som skal nyttast.

Innspelingsleiaren

Innspelingsleiaren passar på at alt går etter planen i studio. Ho gir ulike teikn til programleiarar og hjelper elles til der det er behov. Ho tek òg imot gjester som kjem til studio.

Fotografen

Fotografen styrer kameraa i studio. Han har ofte faste oppgåver i tillegg til at han får beskjedar frå produsenten via øyretelefonar. Kameramannen kan styre kamera på stativ eller halde kameraet sjølv. Då blir det kalla handhalde kamera.

Biletmiksaren

Biletmiksaren sit ved sida av produsenten og klipper mellom dei ulike biletkjeldene i ein produksjon. Kjelder kan vere både kamera som filmar direkte, og innslag som er laga på førehand. Ofte gir produsenten beskjed om kva som skal klippast.

Skripten

Skripten skal informere alle som er involverte i produksjonen, om korleis sendinga ligg an. Ho gir beskjed om kva som skal skje, og tel ned slik at alle har kontroll på tidene. Skripten jobbar etter ein køyreplan som er laga på førehand.

Den tekniske leiaren

Den tekniske leiaren har ansvaret for alt det tekniske i samband med ei sending. Han skal kople opp det som trengst, og teste at alt fungerer slik det skal. Han har òg ofte ansvaret for sikkerheita i studio.

Lydteknikaren

Lydteknikaren riggar opp og testar alle mikrofonane som skal brukast i ei sending. Han gjennomfører lydsjekk før sending med dei musikarane som skal opptre. Han passar òg på at alt går som det skal under sendinga.

Lydkontrollen

I lydkontrollen blir det planlagd kva mikrofonane som skal brukast i programmet. Dei som styrer lydspaken, lagar oppsettet for lydnivåa til både tale og musikk på eit miksebord og styrer all lyden under sendinga i kontrollrommet.

Lysteknikaren og kamerakontrolløren

Lysteknikaren lysset ei studiosending med lyskastarar. Under sendinga skal ein som er kamerakontrollør (KK), styre blendar og fargetemperatur på alle kameraa slik at dei ser like ut og er fint eksponerte.

Studioverten

Studioverten gjer klart og tek imot gjestene som skal vere med i studio. Ho har ansvar for at gjestene kjem til rett tid, og at dei blir sminka og får på seg mikrofon.

CC BY-SASkrive av Kristin Eriksen Vold. Rettshavar: Thomas Nupen
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Fleirkameraproduksjon og strøyming