Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vareflyt og logistikk - kva har du lært?

Her kjem nokre korte repetisjonsoppgåver til temaet Vareflyt og logistikk.
  1. Forklar omgrepet logistikk.
  2. Forklar omgrepet distribusjon.
  3. Korleis heng produksjon og distribusjon saman?
  4. Kvifor unngår mange bedrifter å setje i gang produksjon av varer som ikkje er selde?
  5. Gjer greie for dei viktigaste kostnadene med å halde eit lager.
  6. Kva kjenneteiknar god logistikk? Forklar gjerne ved hjelp av døme.
  7. Kva kjenneteiknar dårleg logistikk? Forklar gjerne ved hjelp av døme.
  8. I verdikjeda seier vi at kvart ledd tilfører ei vare ein meirverdi. Kva meiner vi med dette? Forklar gjerne ved hjelp av døme.
  9. Kva vil det seie å tilarbeide eit produkt.
  10. Både kundar og leverandørar legg stor vekt på miljø og berekraft. Finn ut korleis skulen din tek omsyn til produkt som det er mogleg å vinne att, når dei bestiller varer.
  11. Kva er dei mest negative miljøpåverknadene frå godstransport på veg?
  12. Kva er dei mest negative miljøpåverknadene frå godstransport på bane?
  13. Kva er dei mest negative miljøpåverknadene frå godstransport med skip?
  14. Kva er dei mest negative miljøpåverknadene frå godstransport med fly?
  15. Kva kan ei bedrift oppnå ved å vere med i eit innkjøpssamarbeid?
  16. Kva for nokre typar svinn har vi?
  17. Kva slags faktorar kan påverke storleiken på eit lager?
  18. Forklar omgrepa leveringsservice og leveringstryggleik.
  19. «Ein god logistikkarbeidar er også ein god marknadsførar for bedrifta si.» Korleis vil du forklare denne utsegna?
  20. Korleis kan ein transportør medverke til grøn logistikk?
  21. Emballasje har ulike funksjonar. Kva er dei viktigaste?
CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt