Hopp til innhald

Fagstoff

Produksjon og produksjonsplanlegging

I innleiinga til kapittelet sa vi at logistikkomgrepet har utvikla seg frå å handle om lager og distribusjon til å omfatte heile materialflyten i ei bedrift. Her skal vi sjå på korleis heile produksjonsprosessen blir prega av nettopp materialflyt, det vil seie korleis suksessen er avhengig av at rett vare er på rett stad, til rett tid, til rett pris.
Produksjonsmedarbeider kontrollerer varer på samlebånd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er produksjon?

Produksjonen dreier seg først og fremst om å tilarbeide råvarer og/eller å setje saman komponentar. For nesten alle dei ulike råvarene og komponentane skal vi berekne og spesifisere behov, velje leverandør, bestille, kontrollere kvalitet ved mottak, lagre før og etter tilarbeiding, emballere, handtere ordrar, bestille transport, følgje opp før og etter levering og så bortetter. Uansett om vi lagar eit ypparleg produkt reint kvalitetsmessig og folk står i kø for å kjøpe det, er vi likevel avhengige av effektiv produksjon for å tene pengar og halde posisjonen vår i marknaden.

For ein del år sidan var det vanlegaste å produsere for lager basert på det ein rekna med ville bli etterspørselen etter ei vare. I mange tilfelle blei det også lagt større vekt på å tilpasse talet på einingar i ein produksjonsserie til produksjonskapasitet framfor det ein kunne vente å selje. Modell og design blei ikkje endra like ofte som i dag, og kundane var ofte mykje meir merkelojale.

Pioneren Toyota

Eit kjent døme på dette er utviklinga i bilindustrien. Allereie på 60-talet var Toyota godt i gang med å revolusjonere den moderne bilindustrien. Dei utvikla, eller tok i bruk, produksjonsløysingar med minimal bruk av interne lager, kvar enkelt bil blei i større grad produsert på bestilling, og dei utvikla ein kvalitetskontroll som omfatta både eigne produksjonslinjer, leverandørar, distribusjonsapparat og kundar.

Interne lager blei reduserte eller fjerna heilt, og prinsippet blei kalla «Just-In-Time» (JIT). Dette innebar at leverandørane til Toyota måtte love å levere delar og komponentar tilnærma idet det var behov for varene deira. Dette var mogleg ved å kople sals- og produksjonsplanane til Toyota saman med leverandørane sine.

I den andre enden av verdikjeda finn vi bilforhandlarar og kundane deira. Begge blei ei viktig informasjonskjelde for å lage meir presise prognosar for sal og produksjon.

Aller viktigast var nok likevel kvalitetskontrollen der Toyota skaffa seg eit forsprang på konkurrentane – eit forsprang som skulle vise seg å vare i fleire tiår. Dei viktigaste delane av eit system for kvalitetskontroll er å utforme, dokumentere, forbetre og kontrollere/revidere prosessar. Kva for ein del som er den viktigaste, varierer frå bedrift til bedrift.

Endringane i Toyota førte til at dei kunne produsere bilar med ein brøkdel av dei feila som bilane til konkurrentane hadde – og til en langt lågare pris.

Lansering av Toyota i USA. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

USA tapte kvalitetskampen

USA var tradisjonelt leiande i bilindustrien i verda. Dei hadde lenge laga dei beste, tøffaste og mest prestisjetunge bilane. Frå 60-talet og fram til 90-talet heldt dei fram med å byggje ut bilindustrien sin utan å lage den same sterke koplinga mellom underleverandørar, eige produksjons-, sals- og marknadsapparat, forhandlarar og kundar. I staden produserte amerikanarane stadig fleire bilar for lager, og mange av dei stod på lagera til fabrikkane i opptil eitt år før dei blei sende vidare til forhandlarar. Ikkje sjeldan kunne ein ny bil bli levert med rustskadar.

Logistikk og merkevarebygging

Også på sals- og marknadssida utvikla Toyota nye viktige konsept. Med ein marknadsposisjon som var basert på fornuftige og rimelege bilar, var det ikkje enkelt å ta opp kampen i marknadssegmentet for luksusbilar. Toyota lanserte derfor Lexus som ei heilt sjølvstendig merkevare. Kvaliteten og den grunnleggjande teknologien var den same, men designen var justert mot eit sportsleg og meir vestleg uttrykk. Lexus fekk eit eige forhandlarnett, men brukte i hovudsak Toyota sine eigne verkstader. For å unngå at ein Lexus-kunde skulle levere bilen på service på den lokale Toyota-verkstaden, blei bilen henta av kundens faste mekanikar i eiga Lexus-uniform. Ei slik merkevarebygging og marknadssegmentering innanfor same produksjons- og distribusjonskjede er unik.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Vareflyt