Hopp til innhald

Fagstoff

Sal og marknadsføring

Sals- og marknadsarbeidet i ei bedrift er også ein del av logistikken. Det gjeld både i godt etablerte bedrifter og når ein etablerer ny bedrift.
REMA distribusjonsbil
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samarbeid gir resultat

Når vi plasserer sal og marknadsføring som eitt av dei sentrale logistikkområda, vil nok ein del undre seg. Men det betyr ikkje at logistikkavdelinga i ei bedrift skal overta for verken produktutviklarar eller seljarar. Det betyr først og fremst at alle aktørar i verdikjeda må ta omsyn til god logistikk. Den beste måten å lykkast på er å arbeide saman mot eit felles mål.

Logistikk som forretningsidé

Når ein etablerer ei ny bedrift, er følgjande logistikkvurderingar heilt avgjerande:

  • Kva for nokre råvarer skal vi nytte?
  • Kva skal vi lage sjølve, og kva skal vi kjøpe av andre?
  • Skal vi produsere det vi trur vil kunne bli eit kjøp, eller det som faktisk er bestilt?
  • Skal vi drive eigen distribusjon eller leige andre?
  • Korleis sikrar vi oss korrekt oppgjer og unngår betalingsproblem hos kundar?
  • Korleis skal vi handtere kundeservice på telefon og nett?

Desse spørsmåla og mange andre vil ofte danne grunnlaget for forretningsideen til bedrifta. Også i ei godt etablert bedrift vil logistikk vere ein del av sals- og marknadsarbeidet. I samband med produktutvikling og marknadsundersøkingar vil spørsmål rundt effektiv produksjon, underleverandørars leveringstryggleik og distribusjon av ferdige produkt vere viktig. Vi må heilt enkelt vite kva vi kan tilby, og kva det vil koste oss å halde dei lovnadene vi gir. Vi må også sjå samanhengar mellom produksjons- og distribusjonskostnader og det marknaden er villig til å betale.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt