Hopp til innhald

Fagstoff

Varemottak

Kva skjer når ei bedrift tek imot varer? Her skal vi bruke eit grossistlager som døme. I filmane som følgjer artikkelen, ser vi korleis elevar og lærlingar tek imot, registrerer og plasserer varer i eit lager.
To menn losser varer fra en lastebil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grossisten som mellomledd

Grossisten er eit ledd mellom produsent og detaljist der varene ofte blir pakka om frå større einingar og fordelte rundt til detaljistar. Ein grossist har ofte produkt frå mange produsentar eller leverandørar og skal betene eit geografisk område med desse varene. Grossisten kjøper altså varer eller tenester frå produsentar eller leverandørar og sel varene til detaljistar.

Eit grossistlager kan betene ein verdsdel som Europa, ei gruppe land som Skandinavia, eit land som vårt eige, ein by som Oslo eller eit fylke som Oppland.

Dekningsområdet avheng av kva som er formålstenleg ut frå bransje, type produkt og tal på kundar.

Utforming av lageret

Lageret er vanlegvis bygt opp slik at hovuddelen av bygningsarealet er til å lagre varer i, medan ein mindre del er sett av til mellom anna administrasjon, garderobar, matrom, serviceverkstad og ladestasjon for handteringsutstyr. Utandørs er det gjerne godt med plass til å parkere og manøvrere distribusjonsbilar og vogntog.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt