Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Tverrfagleg samarbeid

Fagarbeider

Tverrfagleg samarbeid handlar om at ulike yrkesgrupper med ulik kompetanse samarbeider om å løyse oppgåver. Som arbeidstakar i helse-, sosial- og omsorgssektoren kjem du til å arbeide saman med mange andre yrkesgrupper.

I eit tverrfagleg samarbeid er alle rollene viktige. Nokre har spisskompetanse innanfor eit bestemt fagområde, som til dømes ein psykolog eller ein lærar. Andre har kompetanse til å sikre meir heilheitleg omsorg og service og følgjer også opp behandling og tiltak som spesialistane har tilrådd. Han eller ho som har direkte kontakt med brukaren i det daglege, har ei særleg plikt til å observere og melde frå når noko ikkje stemmer. Dette kan til dømes vere at tiltak som er sette i verk, ikkje fungerer som venta.
.
I eit tverrfagleg samarbeid er det viktig å vere medviten om sin eigen og andre sin kompetanse. Du må vite kva du sjølv har kompetanse og fullmakt til å utføre, og kva du skal overlate til andre.

Dersom eit tverrfagleg samarbeid skal fungere, må ein ha tillit til kvarandre sin kompetanse. Det er viktig å lytte til kvarandre. Samtidig er det viktig å bidra med den kompetansen du sjølv har.

Tilrå
13

Oppgåver

Praktisk stoff for

Yrkesrelevant

Relasjon

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve