Hopp til innhald

Fagstoff

Logistikk og vareflyt

Vi bruker omgrepet logistikk først og fremst om måten vi planlegg og syter for at aktivitetar skjer til rett tid, av og med dei riktige menneska, med dei riktige varene og med den hjelpa vi treng for å kunne gjere vår del av jobben.
Lastebil, containerskip og fly. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Logistikk i familien

Ein gong då tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland blei intervjua, fekk ho spørsmål om korleis ho klarte å få tida til å strekkje til som politikar og småbarnsmor. Dette er såpass lenge sidan at kjønnsrollene og velferdsordningane ikkje utan vidare opna for ein slik karriere. Ho fortalde at det viktigaste bidraget frå familien var at ingen gjekk tomhendte mellom to etasjar. Det var alltid skitne klede som skulle til vask, reine klede som skulle finne eigaren sin, bord som skulle dekkjast, eller nyinnkjøpte matvarer som skulle leggjast på plass.

Om vi er heime, arbeider, går på skulen, deltek i fritidsaktivitetar eller heng med venner, består liva og kvardagane våre av ein serie gjeremål. Dei aller fleste av desse gjeremåla må vi samarbeide med andre menneske om. Felles for mange av oppgåvene er at vi gjer dei på eit visst tidspunkt og i ei viss rekkjefølgje. Når vi snakkar om slike handlingar i faget Service og samferdsel, kallar vi dei for prosessar eller aktivitetar.

I ein vanleg familiesituasjon vil god logistikk vere at barna sjølve legg gymkleda til vask når dei kjem heim frå skulen, og at barna får kjøpe laurdagsgodtet sitt når familien likevel er på handletur.

Logistikk og vareflyt

Logistikk er dei aktivitetane som skal sikre effektiv vareflyt fra opphavsstaden til gjenvinning. Vareflyt er trinna som ei vare går gjennom, frå råvare til ferdigvare til attvinning.

Sentrale aktivitetar og omgrep

Nokon av dei mest sentrale aktivitetane og omgrepa som til saman utgjer logistikkomgrepet, er:

  • verdikjeda
  • distribusjon
  • transport
  • terminalar og lagerstyring
  • varemottak
  • ordrebehandling og kundeservice
  • sal og marknadsføring
  • grøn logistikk

Desse elementa utgjer til saman ein heilskapleg og integrert logistikkprosess.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du planleggje ein vennekveld med pizza og videofilm. Du skal nok innom store delar av kapittelet om vareflyt og logistikk!

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt