Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere eigna

Å vere eigna til noko vil seie å ha visse eigenskapar som til dømes eit yrke krev. I alle yrka innanfor oppvekst-, helse- og sosialsektoren er du som fagperson i kontakt med mange ulike menneske.
Pleiar som held handa til ein pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vere eigna vil seie å utføre jobben på ein forsvarleg måte. Dette krev fagkunnskap.

Det kan vere barn, unge, vaksne og eldre menneske i ulike livsfasar og med ulike behov. Dei er avhengige av hjelpa di, og dei må kunne stole på at du som fagperson kan jobben din, og at du møter dei på ein profesjonell og omsorgsfull måte. Det krev at du har både kunnskapar og ferdigheiter, og ikkje minst at du har dei personlege eigenskapane som skal til. Du må vere eigna for jobben.

Personlege eigenskapar

Som yrkesutøvar må du ha nokre personlege eigenskapar for å vere eigna til yrket.

  • Du må kunne kommunisere med andre menneske. Det betyr å lytte og snakke med dei på ein måte som er tilpassa behova og utviklingsnivået deira.
  • Du må kunne vise empati og setje deg inn i kva behov for hjelp andre menneske har.
  • Du må kunne prøve å forstå korleis andre har det, og du må kunne setje deg inn i korleis den andre oppfattar sin eigen situasjon.
  • Du må kunne samarbeide både med kollegaer og brukarar.

Kunnskapar og ferdigheiter

For å vere eigna til eit yrke må du også ha fagkunnskap. Du må meistre dei teknikkane og metodane som blir brukte i yrket.

  • Du må kunne utføre jobben på ein forsvarleg måte, frå både ein yrkesetisk og ein profesjonell ståstad.
  • Du må vere bevisst dine eigne haldningar og di eiga yrkesrolle.
  • Du må kunne ta ansvar og vere til å stole på.
  • Du må setje deg inn i og følgje lover og reglar som gjeld for yrket, til dømes teieplikta.
  • Du må halde deg fagleg oppdatert.

Vere eigna

I ein odelstingsproposisjon frå Helse- og omsorgsdepartementet står det blant anna følgjande om det å vere eigna:

«Generelt kan det likevel sies at yrkesutøvelse innen helsevesenet i prinsippet alltid krever evne til innlevelse og empati, samt kommunikasjon med andre mennesker. Det kreves evne til å yte forsvarlige tjenester og sikre kvaliteten i tjenesteutøvelsen. Mange ganger kreves det også å kunne handle forsvarlig i stress- eller akuttsituasjoner.»

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2019

Læringsressursar

Fagarbeidar