Hopp til innhald

Fagstoff

Immunforsvaret

Kroppen vår har eit naturleg forsvar mot sjukdom og skade. Dette omfattar både eit vern mot å bli skada eller smitta av sjukdom og eit forsvar som prøver å reparere skadar og kjempe mot mikroorganismar som har komme inn i kroppen og kan gjere oss sjuke.

Mange av forsvarsmekanismane er medfødde. Det inneber at vi allereie som spedbarn er godt verna mot smitte.

Men kroppen kan også lære å verne seg mot mikroorganismar. Det kallar vi tillært forsvar.

Det ytre forsvaret

  • Ei heil og frisk hud. Heil hud hindrar skadelege mikroorganismar i å trengje inn i kroppen. Alle skadar i huda, sår og rifter, er moglege opningar for sjukdomsframkallande mikroorganismar.
  • Slimhinner og tårevæske vernar kroppsopningar som ikkje kan vere dekte av hud.
  • Flimmerhår i luftvegane, augevipper og augebryn hindrar mikroorganismar, støv og partiklar i å komme inn i kroppen.
  • På huda, i fordøyingssystemet, i kjønnsorgana og mange andre stader har vi ein normalflora av «snille» mikroorganismar som hjelper til med å kjempe imot sjukdomsframkallande organismar.
  • I magesekken har vi i tillegg magesyre som drep mange mikroorganismar som følgjer med maten vi et.
Bilde av en tenåring som nyser slik at dråpeskyen vises tydelig.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det indre forsvaret

  • Når framande stoff har komme inn i kroppen, er det først og fremst dei kvite blodcellene som har jobben med å kjempe imot dei. Vi har to hovudtypar kvite blodceller:
    • Eteceller. Desse cellene et og fordøyer framande celler som finst inne i kroppen.
    • Angrepsceller. Framande celler har eit anna mønster, antigen, på overflata enn det kroppen sine eigne celler har. Angrepscellene produserer antistoff som festar seg på overflata til dei framande cellene, slik at dei blir ufarlege. Nokre av angrepscellene kallar vi hugseceller. Desse cellene hugsar tidlegare inntrengjarar, slik at viss kroppen blir angripen av det same smittestoffet seinare, er dei klare med antistoffa med ein gong. Vi seier då at vi har blitt immune.
  • Lymfesystemet har ein viktig funksjon fordi det har mange kvite blodceller og hjelper til med å frakte vekk avfallsstoff frå nedbrytinga av framandstoff.
  • Kroppen har i tillegg evne til å reparere skadar. Sår gror, og nye celler og nytt vev blir danna etter behov.

Utfordringar til deg

  1. Kva må kroppen forsvare seg mot?
  2. Kva består det ytre forsvaret av?
  3. Kva består det indre forsvaret av?
  4. Kva betyr det å vere immun?
  5. Korleis blir vi naturleg immune mot sjukdommar?
  6. Kva er ein vaksine? Kvifor vaksinerer vi mot ulike sjukdommar?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Agnes Brønstad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Immunsystemet