Fagstoff

Berekraftig utvikling

Bærekraftighet

Med berekraftig utvikling meiner vi ei utvikling som tilfredsstiller behova våre utan at det går utover framtidige generasjonar. Dei som kjem etter oss, må få oppfylt behova sine på same måten som vi gjer i dag. Men berekraftig utvikling tek ikkje berre omsyn til kommande generasjonar, ho krev også ei jamnare fordeling av ressursane i verda.

Kor lett det er for ein generasjon å få tilfredsstilt behova sine, er avhengig av den samla tilgangen i verda på ressursar og korleis ressursane er fordelte. Berekraftig utvikling går ut på å forvalte dei ressursane vi har, på best mogleg måte. Vi har fleire typar ressursar:

  • Fornybare ressursar blir ikkje borte sjølv om vi bruker av dei, til dømes sol, vind og krinsløpet til vatnet.
  • Fornybare ressursar på visse vilkår er ressursar som blir fornya dersom vi tek godt vare på dei, til dømes fiskebestanden og skogen.
  • Ikkje-fornybare ressursar er ressursar som vi bruker opp, og som ikkje kan fornyast, til dømes olje og kol.


For å få ei berekraftig utvikling må vi ta vare på dei ressursane som naturen gir oss, og ikkje øydeleggje miljøet eller artsmangfaldet i naturen. Kvart år forsvinn meir enn fem tusen arter, først og fremst fordi vi høgg ned regnskogane eller brenner dei ned.

Nasjonal strategi for berekraftig utvikling

Den norske regjeringa har laga ein nasjonal strategi for berekraftig utvikling. I denne strategien seier ein:

Den overordna målsetjinga for det norske samfunnet, og verdssamfunnet, er at utviklinga skal vere økonomisk, sosialt og økologisk berekraftig. Grunnlaget for vedvarande bruk av naturen og ressursane der skal takast vare på. Innanfor desse rammene skal vi fremme ei stabil og sunn økonomisk utvikling og eit samfunn med høg livskvalitet, og gjere det slik at også dei fattige i verda får høve til materiell velferd og auka livskvalitet.


Strategien er følgt opp i ein handlingsplan for berekraftig utvikling. Denne planen tek for seg sju hovudområde:

1.    Internasjonalt samarbeid for berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.
2.    Klima, ozonlaget og langtransporterte luftureiningar
3.    Biologisk mangfald og kulturminne
4.    Naturressursar
5.    Helsefarlege og miljøfarlege kjemikal
6.    Berekraftig økonomisk utvikling
7.    Samiske perspektiv i miljø- og ressursforvaltninga

Som eit ledd i oppfølginga av denne handlingsplanen er det føreslått nokre indikatorar, et nasjonalt indikatorsett, som skal vise oss om utviklinga er berekraftig. Dette skal gjere det lettare for dei som styrer, å få ei berekraftig utnytting av dei ressursane vi forvaltar. Vi skal helst berre hauste av overskotet og la vere å bruke ressursane fullt ut.

Ein av indikatorane er til dømes om vi klarer å halde oss til Kyoto-avtalen når det gjeld utslepp av klimagassar. Ein annan indikator er kor mykje helsefarlege og miljøfarlege kjemikal vi bruker i hushalda. I alt er det 18 slike indikatorar. Indikatorane kan du lese meir om på nettsidene til Finansdepartementet.

Kulturminne er også en del av ei berekraftig utvikling. Dei er det felles minnet vårt og ei kjelde til identiteten vår og opplevingane våre, kunnskapen vår og verdiane våre. Kulturarven er også truga av øydelegging. Små språk og små kulturar er utsette for sterkt press.

Næringslivet og berekraftig utvikling

Økonomisk vekst vil seie at vi må produsere stadig meir varer og tenester. Og auka produksjon fører til større forbruk av naturressursar og til auka belastning på miljøet. Til dømes treng vi meir energi for å kunne produsere meir. Energi kan vere fornybar, til dømes vasskraft, eller ikkje-fornybar, som olje og gass. Men i alle tilfelle krevst det utbygging og inngrep i naturen på ein eller annan måte.

Norsk næringsliv har derfor eit samfunnsansvar. Det er ikkje berre dei som styrer, som må tenkje på berekraftig utvikling. Også i næringslivet må ein sjå på korleis ein kan gjere sitt for å få til ei berekraftig utvikling ved å redusere ureiningane. I ein fabrikk kan ein ikkje berre sjå på produksjonen. Ein må sjå på den ureininga produksjonen fører til, frå råvare til ferdig vare. Samstundes legg ein stadig større vekt på at dei produkta som blir framstilte, skal kunne gjenvinnast. Til dømes kan ein gjenvinne dei fleste delane på ein bil som blir produsert i dag. Dermed kan vi bruke råvarene på nytt til nye bilar eller andre produkt.

Relatert innhald