Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Ikon i vår tid

Omgrepet ikon kan ha fleire betydningar. I denne oppgåva skal du reflektere over desse betydningane og lage eit bilete i Photoshop av ein person som framstår som eit ikon i vår tid.

Omgrepet ikon blir brukt på ulike måtar i daglegtalen. Eit ikon kan vere eit skilt med bilete av kniv og gaffel som fortel deg at her er det mat å få. I den ortodokse kyrkja er ikon bilete av heilage personar som er gjenstand for religiøs tilbeding. Spesielle fotografi, filmar og personar kan òg kallast ikoniske fordi dei er bilete eller førebilete som speler ei viktig rolle i det kollektive medvitet vårt.

Oppgåver

  1. Ta ein runde på og rundt skulen. Finn eksempel på skilt med ikoniske teikn. Dokumenter desse, gjerne ved hjelp av mobiltelefonen din.
  2. Les fagartikkelen "Ikoner" i Store norske leksikon. Dette er ein komplisert tekst. Lag eit kortfatta samandrag av teksten som gjer det mogleg for ein elev i 10. klasse å forstå kva eit religiøst ikon er, og kva funksjon ikon har i ortodoks kristendom.
  3. Sjå Google si samling av ikoniske fotografi. Vel to bilete som du kjenner igjen. Kva formidlar desse bileta, og kvifor kan dei kallast ikoniske? Diskuter gjerne med ein medelev.
  4. Vis biletsamlinga til ein eldre person, og be han eller ho peike ut to fotografi som vekkjer spesielle minne. Lytt til forteljingane om kva betydning desse bileta har hatt i samtida og for ettertida. Du kan i etterkant lage ei lita digital forteljing om desse fotografia basert på det informanten din fortel.
  5. Sjå biletsamlinga Google-bilete av Marilyn Monroe. Mange omtaler Marilyn Monroe som eit ikon for vår tid. Kva blir meint med det?
  6. Lag eit bilete i Photoshop eller eit anna biletbehandlingsprogram med utgangspunkt i ein person som du meiner verkar som eit ikon i dag. Skriv ein personleg kommentar til biletet om kva og kven vi vel å tilbe i kulturen vår.

Relatert innhald

Vi tolkar teikn på bakgrunn av dei konvensjonane og kodane som gjeld i eit bestemt sosialt miljø.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar