Hopp til innhald

Fagstoff

Språk endrar seg over tid

Språk er i stadig utvikling, og det endrar seg over tid. Du har kanskje høyrt at eldre menneske brukar ord som du ikkje forstår, sjølv om det var heilt vanlege ord da dei var unge. Unge i dag har eit språk som eldre kan ha problem med å forstå sidan det inneheld nye ord som er lånte frå andre språk.
Tavle med gamle og nye ord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språk er spesielt viktig når du jobbar med menneske, og som profesjonell fagarbeidar må du vere bevisst på språket ditt. Nokre aktuelle utfordringar er:

  • å vere ein god lyttar
  • å be brukaren forklare ein gong til dersom du ikkje forstår det han eller ho formidlar
  • å seie ifrå dersom det er ord du ikkje forstår
  • å bruke eit språk som brukaren forstår og å prøve å forklare den same tingen på ulike måtar
  • å forsikre deg om at brukaren har fått med seg innhaldet i det du formidla
Gammal dame og ung mann som smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På same måte som språk endrar seg, endrar òg andre sider ved kulturen vår seg. Korleis vi kler oss, kva vi et, og kva vi gjer på fritida vår, endrar seg, og dermed blir den norske kulturen endra.

I kor stor grad og kor lenge vi tek vare på delar av tidlegare kultur, varierer. Delar av kulturen lever berre vidare i historiske skodespel og ved spesielle høve. Noko som var ein viktig del av den norske kulturen for 150 år sidan, finst ikkje i kulturen i dag.


Utfordringar til deg

  1. Forklar kvifor språk kan vere ei utfordring i møte med menneske frå ein annan kultur.
  2. Har du døme på at kommunikasjon med eldre har vore vanskeleg på grunn av språk?
  3. Korleis bør du kommunisere med brukarar?
  4. Sjå på biletet med nye og gamle ord saman med ein eldre person. Kva for ord kan du forklare for personen, og kva for ord kan han eller ho forklare for deg?
  5. Intervju nokre eldre om mat, hygiene, kjønnsroller og liknande. Finn ut om det har skjedd endringar i norsk kultur over tid.
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kultur