Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Samfunn og kultur under påverknad

Kulturen er under stadig påverknad – det har han alltid vore, og det vil han alltid vere. Nye innslag i kulturen kjem av kontakt med andre kulturar. Desse nye innslaga kan kome av at folk har vore ute og reist og tek med seg nye impulsar, eller ved at innvandring bringar med seg nye kulturinnslag.

I andre land

Storbritannia og Frankrike er to land der millionar av innbyggjarar har opphav i tidlegare koloniar. Dette gjer at det er mange ulike etniske grupper i landa. I Storbritannia er det t.d. mange innbyggjarar med indisk bakgrunn. Dette er både folk som er fødde i India, men også britiskfødde med to indiske foreldre. Den store gruppa med indarar har påverka britisk matkultur sterkt, og indiske restaurantar er veldig populære.

 

USA er ofte referert til som ein kulturell smeltedigel. Bortsett frå urfolksgrupper (indianarar) har alle i USA opphavet sitt andre stader i verda. Alle dei ulike etniske gruppene set sitt preg på det amerikanske samfunnet og kulturen.

 

 

Etnisitet, religion og konfliktar

Etniske og religiøse variasjonar kan også gi grobotn for konfliktar. Mellom anna var krigane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet prega av etniske motsetnader.

 

 

Eit døme er pizza. Pizzaen er framleis ein relativt ny matrett i Noreg. Då han blei vanleg i dei fleste heimar på 1980-talet, endra han ungdomskulturen i Noreg. Ikkje berre var han eit symbol på endra matvanar, han endra også samvereforma ved at ungdomar samla seg på pizzakveldar, og han påverka heile kulturen med innslag av pizzarestaurantar i ei tid då nordmenn et meir ute enn nokon gong.

Nokre gonger tek ein spesiell kultur opp i seg element frå andre kulturar, andre gonger blir dei eksisterande sidene ved kulturen ståande trass i ytre påverknad. Etnisk variasjon og religion er noko av det som påverkar samfunn og kultur sterkast. Vi skal derfor sjå nærmare på dei omgrepa.

indisk restaurantIndisk mat på Grønland, Oslo
Fotograf: Joronn Sagen Engen

Etnisk variasjon

Etnisitet

Etnisitet er eit relativt nytt og komplekst omgrep. Først etter 1960-talet blei omgrepet brukt stadig meir, og det har til dels erstatta ordet «rase». Vi kan seie at etnisitet er ei folkegruppe definert sosialt og kulturelt. Bjørn Bjerkli kallar dette «sosial organisering av kulturelle skilnader».1

Etnisitet er knytt til ei førestelling om kulturell og kollektiv identitet. Den felles identiteten til ei gruppe kan skuldast felles kulturelle, språklege, historiske, religiøse eller politiske kriterium – gjerne ein kombinasjon av fleire av desse.

Etnisk variasjon og kultur

Sjølv om ei gruppe ofte har ein kulturell fellesskap, til dømes nordmenn, tyder det ikkje at etnisk variasjon eller etniske skilnader er det same som kulturelle skilnader. Som etnisk norsk kan eg ha ulike verdiar og kultur enn andre som også er etnisk norske. Som etnisk norsk kan eg ta opp i meg svensk, amerikansk eller indisk kultur, men eg vil aldri bli etnisk svensk eller etnisk indisk.

I Noreg har vi mange ulike etniske grupper. Den største gruppa er etnisk norske, men vi har også ulike innvandrargrupper, til dømes svenskar, somaliarar, chilenarar og vietnamesarar. Her i landet har vi også ei urfolksgruppe, samane, og fem nasjonale minoritetar – rom (sigøynarar), romanifolk (taterar), jødar, kvenar og skogfinnar.

Korleis har etnisk variasjon påverka kulturen i Noreg?

StatsborgerseremoniStatsborgarseremoni, Oslo rådhus
Fotograf: Lise Åserud

Vi lever ikkje lenger i eit «blendakvitt» samfunn. Gatebiletet har endra seg mykje dei siste tiåra, spesielt i dei store byane. Det er eit mangfald av folk med ulik utsjånad, og dei aller fleste snakkar i dag norsk. Språk er ein del av kulturen og identiteten vår, og i dagens Noreg er det mange med ein annan etnisk bakgrunn som er fødde og oppvaksne i Noreg, og som dermed snakkar den dialekten andre gjer på den staden dei er vaksne opp. I dag er det ikkje unaturleg å høyre ein gut med foreldre frå Bosnia snakke trøndersk eller ei jente med vietnamesiske foreldre snakke bergensk.

Eit av dei mest synlege døma på kulturpåverknad er såkalla «innvandrarbutikkar», nye produkt i dagligvarebutikkane og eit større mangfald i typar restaurantar. Det er i dag lettare å få tak i matvarer frå andre land og verdshjørne enn det var for 20 år sidan, og ein av grunnane til dette er innvandringa til Noreg, og at butikkane må tilby det kundane ønskjer å kjøpe.

I skulen kjem også etniske variasjonar til synes. Ein ting er at elevane bruker ulike typar klede og ser ulike ut. Men mange høyrer også til ulike religionar. Religion er sterkt knytt til etnisitet og er ein del av kulturen for mange. I Noreg er heilagdagar og fridagar bestemde ut frå kristendomen, med fri mellom anna i jula og påska. Elevar som feirar andre høgtider, får fri frå skulen i tilknyting til desse, mellom anna under den muslimske høgtida id.

Skulen har også tilpassa seg fagleg sett. Tidlegare hadde ein faget kristendom i grunnskulen, mens i dag har faget skifta namn og innhald for å dekkje fleire grupper og elevar. Faget heiter i dag religion, livssyn og etikk. I læreplanen heiter det at «kjennskap til ulike religioner og livssyn, etikk og filosofi er en viktig forutsetning livstolkning, etisk bevissthet og forståelse på tvers av tros- og livssynsgrenser». Det blir altså teke omsyn til alle trusretningar og livssyn, og faget skal samle alle elevar.

Religion

Etnisitet og religion høyrer tett saman for mange. Felles religion er gjerne eit teikn på ei etnisk gruppe, men er ikkje eit naudsynt krav. I Noreg har vi statskyrkje, som dei fleste tilhøyrer. Det tyder ikkje at alle etnisk norske oppfattar seg som kristne. Etnisk norske som høyrer til ein annan religion, endrar ikkje etnisitet sjølv om dei byter trussamfunn.

Religion aleine er også ein viktig del av kultur. At religion er en viktig del av kultur, også i meir sekularisertee land som Noreg, er lett å sjå ved berre å kaste eit blikk på somme element ved kulturen, som høgtidsdagar, matvanar, seremoniar og overgangsritar, kunst og lovverk. Religion er også viktig for kulturen fordi han er ein så stor del av historia til mange land og folkeslag.

BønnBøn under id
Fotograf: Heiko Junge

Det norske samfunnet kan oppfattast som sekulært, eller lite religiøst. Kyrkjene er stort sett ikkje fulle andre dagar enn juleftan og ved konfirmasjonar. I samfunnsfag har religion ei vidare tyding. Vi undersøkjer korleis religionen inngår i samfunnet og kulturen på fleire måtar enn å måle mengda kristne, muslimar eller jødar. Vi ser på religion som eit sett av verdiar eller normer som gir seg ulike uttrykk. På den eine sida har vi religiøse høgtidsdagar der vi som elevar eller arbeidstakarar får fri eller høgare løn for å arbeide. På den andre sida kan religiøse verdiar kome til uttrykk i personlege val, men også i formelle normer som lovgiving.

Etnisk variasjon og religion

Vi har sett at kulturen blir påverka av mange faktorar – her har vi fokusert på etnisk variasjon og religion. Nokre gonger heng etnisitet og religion saman, mens andre gonger kan dei ha ulik påverknad. Personar med ulik etnisitet kan til dømes ha same religion. Kulturen og samfunnet vil alltid ta opp i seg nye innslag. Dette kan skape debatt, men også ei positiv utvikling der vi lærer å setje pris på nye impulsar som mat, språk, kulturuttrykk, som musikk, film og kunst, og variasjonar i tradisjonar.

Tilrå
20

Kompetansemål

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve