Hopp til innhald

Fagstoff

Meir enn mat

Vi menneske er sosiale av natur, og vi liker å ha eit fellesskap og vere saman med andre. Fellesskapet vi opplever rundt eit matbord, kan mange gonger vere viktigare enn det som blir servert.
Ein gutt med hodetelefonar og ei jente med øreproppar sit med kvar sin mobil ved matbordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måltid er meir enn mat

Felles frukost gir gjerne ein god start på dagen, og tenk på kor triveleg det er å ha nokon å ete lunsj saman med på skulen. Mange familiar synest det er viktig å ete middag saman, og då gjerne dele dagens små og store opplevingar. Ved høgtider som jul og påske samlar vi gjerne familie og venner til tradisjonsrike måltid, og ved gebursdagar og liknande blir det alltid laga noko ekstra godt til ære for gjestane. I slike samanhengar et vi ofte meir enn vanleg fordi vi har det hyggeleg og maten er god.

I alle kulturar er mat eit teikn på gjestfridom og vennlegheit. I alle kulturar har dei forventningar til korleis vi skal oppføre oss under måltidet. Desse forventningane kjem frå normer og reglar. I meir fagleg samanheng kan vi nemne verdien måltida har for sosialiseringa av små barn. Dette blir det lagt vekt på i barnehagen, og alle måltid blir ein viktig arena for læring. På institusjonar for eldre prøver vi å få flest mogleg til å ete saman på matrommet for å få til eit fellesskap rundt måltida.

Måltidet som arena for utvikling

Samhandling rundt eit måltid gir høve til utvikling hos barn og unge. Vaksne som et saman med barn og unge kan rettleie, hjelpe og observere barnet. Dei vaksne vil også vere rollemodellar som barnet lærer bordskikk av.

Døme på korleis måltidet kan medverke til utvikling:

  • Motorisk utvikling: å halde glaset, å smøre på brødet og å ete suppe. Kva barnet klarer utan hjelp, varierer med alderen.
  • Språkstimulering: Stunda ved matbordet er godt eigna til å prate med barna.
  • Sosial trening: Let vi barna ete sjølv, kan vi styrkje sjølvkjensla og sjølvstendet til små barn. Måltidet er godt eigna til sosial trening. Derfor er det viktig å tenkje over korleis vi oppfører oss mot kvarandre under måltidet.

Måltidet gir dei vaksne eit fint høve til å observere utviklinga til barnet. Ved å observere barnet under måltidet kan vi få kunnskapar om utviklingsområde barnet treng ekstra hjelp med.

Lita jente et spagetti. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måltidet som arena for sosialisering

Normene og reglane for korleis du skal oppføre deg ved matbordet, er ikkje felles for alle. Det har du kanskje oppdaga når du har vitja venner som har heilt andre reglar enn kva du er vand med. I Noreg finst det bøker om skikk og bruk, men vi har ingen strenge reglar som alle må følgje. Vitjar du USA eller Kina, vil du finne heilt andre bordskikkar enn vi har. Dei fleste av oss kjenner oss litt usikre når vi skal ete mat heime hos nokon i eit anna land.

Allereie frå barna er små prøver vi å lære dei bordskikk. Hos oss handlar bordskikk både om korleis du sit, korleis du handterer maten, og kva du pratar om under måltidet. Tenk over korleis digital kommunikasjon kan øydeleggja eit måltid.

Utfordringar til deg:

  1. Lag ei liste over kva du vil leggje vekt på når du skal lære barn bordskikk.
  2. Korleis reagerer du på barn som søler og leiker med maten?
  3. Kvifor kan ein seie at det å lære bordskikk, er viktig for å bli gode samfunnsborgarar?
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Mat som grunnleggjande behov