Oppgåve
Oppgåver til «Å lytte»
- Det blir sagt at ein god helsefagarbeidar har store øyre og liten munn. Kva vil det seie? Diskuter det i klassen.
- Kva er viktig å tenkje på for å skape tillit mellom deg og brukaren?
- Kvifor er dei tilbakemeldingane du gir gjennom kommentarar og kroppsspråk, avgjerande for om brukaren vil opne seg?
- Kva er det viktig å tenkje på for å leggje til rette for diskresjon når brukaren eller pasienten ønskjer å snakke om noko personleg eller privat?
- Kvifor er det viktig å leggje til rette for diskresjon?
- Kvifor er det viktig å alltid vere medviten om teieplikta (Teieplikt) når ein får innsikt i dei private eller personlege forholda til ei person gjennom jobben som helsefagarbeidar?
- Kvifor er det nyttig å observere kroppsspråket til brukaren eller pasienten under ein samtale?
- Forklar ein medelev forskjellen på aktiv og passiv lytting. Bruk dine eigne eksempel for forklare forskjellane på ein god måte.
- Kvifor er det viktig at du viser empati og forståing med ein pasient eller brukar?
- Diskuter omgrepet empati i mindre grupper i klassen før de definerer omgrepet i samla klasse.
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
Brukast i
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve
