Tema
Linnea lyttar til barna
Her møter du Linnea som er barne- og ungdomsarbeidar i Småbekken barnehage. Avdelinga ho jobbar på, heiter Hoppesteinen og er ei avdeling for barn i aldersgruppa 3 - 6 år. Som fagarbeidar får Linnea ulike oppgåver og utfordringar. Eit hovudtema i denne oppgåvesamlinga er barn og medverknad.
Linnea er glad i bøker
Linnea er glad i bøker, og ho synest det er flott å få lese for barna i barnehagen. Nokre gonger dreg ho til biblioteket saman med barna, og da får barna velje kva for bøker dei skal låne.
Kven skal vere med på tur?

Å vere med på tur til biblioteket er populært. Kvar fjortande dag har Linnea og Peder med seg ei lita gruppe barn til biblioteket. Jobb i grupper og planlegg turen til biblioteket.
Prosjekt til fordjuping
Finn ut korleis barnehagen du jobbar i, bruker biblioteket.
Diskuter følgjande punkt:
- Kor mange barn synest de at Linnea og Peder kan ta med seg til biblioteket når dei er to vaksne?
- Korleis bør dei velje ut den gruppa som skal få bli med på tur (kvar fjortande dag)?
- Biblioteket ligg så nært at gruppa kan gå dit. Kva er viktig å tenkje på når du skal ha med deg barn i trafikken?
Nokre kommunar eller bydelar har eigne reglar for bruk av privatbil når du skal frakte barnehagebarn. Finn ut om kommunen eller bydelen din har slike reglar.
