Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar planar

Det finst ulike strukturar for planlegging og ulike typar planar. Her skal vi sjå på nokre av dei.
Tre unge menneske står ved ei tavle. Alle har noko å skrive med i hendenet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verksemdsplan

Ein verksemdsplan kan fungere som overordna styringsverktøy for verksemda og skal definere føremål, hovudmål og hovudaktivitetar. Ein verksemdsplan kan òg skissere dei overordna ressursrammene. Verksemdsplanen er med på å gjere føremålet til verksemda tydeleg og synleg både internt og eksternt, og gir føringar for prioriteringar.

Årsplan

Ein årsplan skal definere det du eller bedrifta som du arbeider i, ønskjer å oppnå i løpet av året, og skisserer korleis du eller bedrifta planlegg å oppnå dette. Årsplanen skal gi ei oversikt over dei prioriterte hovudaktivitetane for året opp imot dei definerte overordna målsetjingane i verksemdsplanen. Årsplanen kan òg definere rammene for gjennomføring, inkludert ressursar.

Periodeplan eller semesterplan

Ein periodeplan eller semesterplan er ein plan for ein periode av året, og aktivitetane blir definerte ut ifrå måla som er sette i årsplanen. Ein periodeplan eller semesterplan er meir konkret når det gjeld aktivitetar og tidsrammer enn verksemds- og årsplanane er. Dei planlagde aktivitetane i ein periodeplan kan fungere som delmål eller såkalla "milepålar", og kan nyttast som verktøy for å måle framgang mot å nå dei overordna måla.

Vekeplan eller dagsplan

Ein vekeplan eller dagsplan konkretiserer måla og definerer aktivitetane for veka eller dagen. Ein dagsplan eller vekeplan blir bestemd ut frå kva vi skal oppnå i semesteret eller perioden, og ut frå kva som er realistiske mål med omsyn til tid og ressursar. Ein vekeplan eller dagsplan bør innehalde konkret informasjon om kva for aktivitetar som skal gjennomførast, kven som skal gjennomføre dei, når dei skal gjennomførast, og kven som er ansvarlege. Ein vekeplan konkretiserer det som skal skje gjennom heile veka, mens ein dagsplan er ein meir detaljert plan for berre éin dag.

Aktivitetsplan

Ein aktivitetsplan skildrar aktiviteten meir konkret og detaljert: Korleis aktiviteten skal gjennomførast, kvifor han skal gjennomførast, kven som skal delta, kven som er ansvarleg, og når planen skal gjennomførast. Aktivitetsplanen fungerer som hjelpemiddel før, under og etter gjennomføringa av aktiviteten.

Utfylte planleggingsdokument. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Finn fram årsplanen i eitt av faga du har på skulen.

    1. Kva fortel årsplanen deg?

    2. I kva for grad har du sjølv delteke i utforminga av årsplanen?

    3. Kva fortel årsplanen om vurdering i faget?

  2. Kva planar på praksisplassen din må nytte i arbeidet ditt?

Relatert innhald

I dette skjemaet kan du planleggje og vurdere aktivitetar som du kan gjennomføre.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Planlegging – didaktisk metode