Hopp til innhald

Fagstoff

Lovar og reglar som styrer planlegging i barnehagar, skule og SFO

Det finst fleire lovar og reglar for barnehage, skule og SFO som definerer rammevilkåra for planlegginga. Det er viktig at du set deg godt inn i desse før du startar planleggingsprosessen.

Barnehage

Dei viktigaste avgjerdene og reglane som gjeld for barnehagar, finn vi i barnehageloven og i rammeplanen for barnehagane.

Rammeplanen er ei forskrift til barnehageloven som gjer meir detaljert greie for innhaldet, oppgåvene og ansvaret til personalet i barnehagen. Han skal brukast av alle barnehagar utan omsyn til driftsform.

God planlegging kan gi oss ein gjennomtenkt og føremålstenleg bruk av dei menneskelege og materielle ressursane i barnehagen, i tillegg til nærmiljø og naturområde.

Vi må planleggje den fysiske utforminga, organiseringa, innhaldet og prosessane i barnehagen med utgangspunkt i det overordna målet til barnehagen som er gitt i barnehageloven og utdjupa i rammeplanen.

Planlegginga må baserast på kunnskap om utviklinga og læringa til barna individuelt og i grupper, observasjon, dokumentasjon, refleksjon og systematisk vurdering, og i tillegg på samtalar med barn og foreldre.

Alle barnehagar skal utarbeide ein årsplan. Kvar barnehage avgjer i kva grad det i tillegg bør utformast planar for kortare periodar. Barnehagen kan også ha behov for ein langtidsplan for å sikre progresjon og samanheng i læringa og opplevingane til barna gjennom heile barnehageopphaldet.

Vi må også sjå organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling for personalet i eit lengre perspektiv, og planane for barnehagen bør vi sjå i samanheng med kommunal planlegging av barnehagesektoren og av oppvekstmiljøet til barna.

Skule

Det viktigaste lovverket som dannar grunnlaget for planlegging av all verksemd i skulen, er lov om grunnskulen og vidaregåande opplæring av 1998 (opplæringsloven). Dette lovverket definerer føremålet, verksemda og grunnleggjande prinsipp for skulen, som for eksempel prinsippet om likeverdig og tilpassa opplæring for alle i ein inkluderande fellesskule.

Gjennom innføringa av Kunnskapsløftet i norsk grunnskule har alle klassetrinn nye læreplanar med tydelege kompetansemål. Kommunane finansierer grunnskulen og har stor fridom med omsyn til korleis dei organiserer og planlegg opplæringa.

Ved Reform 97 vedtok Stortinget å senke skulestarten til seks år, og det blei også vedteke at grunnskuleløpet skal vere ti år. Det blei innført ein ny nasjonal tiårig læreplan. Læreplanverket for grunnskulen omfattar følgjande delar:

1. Læreplan for grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring – generell del. Dette dokumentet gir måla som opplæringa på alle dei tre utdanningsområda skal sikte mot.

2. Læreplan for grunnskulen – innleiing til læreplanar for fag.

Dette dokumentet gjer greie for prinsipp og retningslinjer for korleis grunnskulen er bygd opp og organisert, og kva han skal innehalde.

3. Læreplanar for fag.

Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga er lovfesta i opplæringsloven og blei innført i Reform 97. Opplæringsloven seier at skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.

Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. SFO er eit frivillig, kommunalt tilbod om barnepass for elevar på det første til det fjerde årstrinnet i barneskulen i Noreg.

Barn med spesielle behov har plass fram til sjuande klasse. Kvar kommune har si eiga skulefritidsordning, og det vil seie at det er kommunane som har ansvaret for å gi rammene for innhald, organisering og planlegging av verksemda i SFO.

Alle skulefritidsordningar skal ha vedtekter som definerer eigarforhold, opptaksmynde, opptakskriterium, foreldrebetaling, leike- og opphaldsareal, opphaldstid og bemanning. Innanfor desse rammene er det opp til skulefritidsordningane sjølve å planleggje verksemda og aktivitetane.

Relatert innhald

CC BY-SARettshavar: Amendor
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Læringsressursar

Planlegging