Fagstoff

Ungdomskultur

Ungdom

Når vi bruker omgrepet ungdom, tenkjer vi på menneske i aldersgruppa 13-25 år. Språk, identitet og sosiale faktorar heng saman og kan vanskeleg distansere seg frå kvarandre.

_____________________________________________________________________________

Stipendiat foran tavle Ingrid Kristine Hasund har forska på ungdom og språk.
Fotograf: Tore Andre Baardsen

I boka Ungdomsspråk1  av Ingrid Kristine Hasund viser ho til undersøkinga Ung i Norge. Her deltok 11 000-12 000 ungdommar frå heile landet i alderen 13-19 år i 1992 og 2002. Gjennom denne undersøkinga kom det fram ulike ungdomskulturar baserte på ungdommane sine aktivitetar, verdiar og haldningar.

I undersøkinga fekk ungdommane spørsmål om kva dei gjorde på fritida, og resultatet blei tre ulike grupper: Dei Utovervende ungdommane bruker mykje tid på å vere med venner, på shopping og kafé. Dei Heimekjære ungdommane vil helst vere med familien og vere heime og lese bøker, mens dei Rølpete ungdommane er meir aktive i fritidsklubbar, mekkar bilar o.l.(2:29).

Vidare fekk ungdommane spørsmål om haldningane og verdiane sine, og det skilde seg ut fem ungdomskulturar(3:29-30):

ungdom demonstrererRød ungdom engasjerer seg for rettferd for alle
Fotograf: Aleksander Andersen

 

1) Verdiungdom uttrykker sympati for blant annet antirasister, skolestrebere, miljøvernaktivister, avholdsfolk, kvinnesakskvinner og homofile. Disse har til felles at de viser en form for konformitet og tilpasning til voksensamfunnet, og gruppa representerer derfor en prokultur.

2) Machoungdom er de som er mest positive til jenter med silikonpupper og kroppsbyggere, og ungdom som er interessert i våpen og i motorsykler. I motsetning til verdiungdom representerer denne gruppa en motkultur, men har solide tradisjoner i tradisjonelle maskuline verdier.

3) Idrettsinteresserte er de som er positive til idrettsungdom, fotballsupportere og ungdom som går i fritidsklubb. De er opptatt av mestring og prestasjoner, og representerer en typisk prokultur.

4) Innvandrermotstand består av dem som uttrykker sympati for nynazister, og ungdom som er imot innvandring.

5) Motkultur er de som uttrykker sympati for skeitere, taggere, sosser og “ungdom som røyker hasj iblant”. Dette er svært ulike grupper, men de har det til felles at de er preget av en viss protest og avstand til voksensamfunnet.

Det kom også fram i undersøkinga at det er forskjellar mellom kjønn. Jentene likar seg best på skolen, vil ta høgare utdanning og gjer det betre på skolen enn gutane. Samtidig er jentene minst fornøgde med utsjånaden sin, men har eit sterkare vennenettverk og fleire å snakke med om problema sine. Dei deltek også i fleire ulike kulturelle aktivitetar, som å gå på konsertar, lese bøker og gå i teater.

Gutane er meir tilfreds med utsjånad og har eit betre sjølvbilde, også i forhold til prestasjonar på skolen, sjølv om jentene presterer betre. Gutane har fleire problem med rus og kriminalitet, men er i fleirtal når det gjeld idrett.

Når det kjem til sosial klasse, kan det vere eit vanskeleg felt, og det vil alltid finnast unntak. Det er likevel slik at utdanning og yrkesnivå til foreldre vil vere med på å prege ungdommane sine val. Ungdommar frå middelklassen får meir støtte heimanfrå og gjer det betre på skolen, mens ungdommar frå arbeidarklassen opplever dette i mindre grad.