Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske retningslinjer

Det er utarbeidd etiske retningslinjer for fleire yrke i helse- oppvekstsektoren. Somme gonger blir dei òg kalla yrkesetiske retningslinjer. Her skal vi sjå på nokre døme.
Helsefagarbeidar og eldre pasient i hyggeleg samvære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lov- og regelverk er overordna

Yrkesutøvinga i helse- og oppvekstsektoren er regulert av lover og forskrifter. Helsepersonellova og pasientrettslova er to døme. Lovene er vedtekne av Stortinget og bygger mellom anna på etiske prinsipp, verdiar og haldningar som samfunnet vårt bygger på.

I utdanninga blir det òg lagt stor vekt på etikk. Du har både lese om og gjort oppgåver som er knytte til dette temaet. Slik skal du få eit godt grunnlag for å arbeide med menneske, og du skal vere rusta til å møte utfordrande situasjonar, takle dilemma og ta val.

Etiske retningslinjer

For å gjere det litt enklare for oss når vi er på jobb, har nokon utarbeidd etiske retningslinjer for yrka. Dei etiske retningslinjene har enklare språk enn lover og forskrifter, og det er lettare å kjenne att det som skjer på arbeidsplassen.

  • Etiske retningslinjer er eit hjelpemiddel for deg når du er på jobb. Dei bygger på gjeldande lover og forskrifter og kjem altså ikkje i tillegg.
  • Somme arbeidsplassar har eigne etiske retningslinjer for dei tilsette. Dersom arbeidsplassen din har slike, skal du følge dei.
  • Mange fagforbund og yrkesorganisasjonar har utarbeidd etiske retningslinjer for medlemmene sine.
  • Retningslinjene kan vere skrivne eller uskrivne.

Fagarbeidarar om etiske retningslinjer

Vi stilte spørsmålet "Kva for etiske retningslinjer følger du i jobben din?" til ein hudpleiar, ein fotterapeut, ein tannhelsesekretær og ein ortopediteknikar.

Høyr kva dei svarar:

Utfordringar til deg

  1. Kven av desse fagarbeidarane har skrivne retningslinjer som dei følger?
  2. Tannhelsesekretæren seier at ho har utarbeidd sine eigne retningslinjer, og ho gir nokre døme på kva desse er. Kva har ho lagt vekt på?
  3. Ortopediteknikaren har heller ikkje skrivne retningslinjer. Korleis løyser dei etiske utfordringar i arbeidskvardagen på arbeidsplassen hennar?
  4. Lytt til hudpleiaren. Er det særlege retningslinjer når ein òg skal drive med sal?
  5. Dersom du har delar av opplæringa di i ei bedrift, kan du spørje om dei har nedskrivne etiske retningslinjer der. Kva har dei lagt vekt på?
  6. I lenkesamlinga finn du døme på yrkesetiske retningslinjer for fleire av yrka i helse- og oppvekstsektoren.

    • Kven har utarbeidd desse retningslinjene?
    • Finn likskapar mellom dei ulike retningslinjene.
    • Finn formuleringar som er spesielle for kvart enkelt yrke.
    • Søk på internett og sjå om du kan finne andre skrivne retningslinjer for fagarbeidarar i desse yrka. Samanlikn med dei som er lenka opp på denne sida. Finn du store forskjellar?
    • Søk på internett og finn etiske retningslinjer for andre yrke i helse- og oppvekstsektoren. Arbeid gjerne i grupper og ta for dykk nokre yrke kvar. Set opp ei liste over det som er felles for fleire eller alle yrka.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Etikk i arbeidet