Fagstoff

Dei fem fasane i utarbeidinga av ein retorisk tekst

Publisert: 08.12.2010
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Arbeidet med å utarbeide ein retorisk tekst, kan vi litt forenkla dele inn i fem fasar:

 

Fase
Forklaring
Døme

1) Inventio

Denne fasen handlar om å finne ut kva ein skal seie, altså kva talen skal handle om og kva han skal innehalde

Tankekart, idémyldring, leite etter kjeldelitteratur

2) Dispositio

Som namnet tilseier, konsentrerer denne fasen seg om disposisjonen for talen. Her må ein avgjere kva rekkefølgje og struktur stoffet skal ordnast etter

Setje ideane i system, lage innleiing, hovuddel og avslutning

3) Eloqutio

I denne fasen arbeider ein med utforminga av språket, og ein må avgjere kva ord ein skal bruke og kva stil som skal prege talen

Objektivt og sakleg språk i artikkelen, høgtideleg språk i konfirmasjonstalen, humor og ironi i kåseriet

4) Memoria

NNamnet på denne fjerde fasen seier oss at dette dreier seg om å hugse talen for å kunne framføre han utan å vere låst til ein skriven tekst

Øve inn rekkefølgja i ein munnleg presentasjon, lage eit kortfatta manus med viktige stikkord

5) Actio

Denne fasen ser på sjølve framføringsfasen, handlar om korleis talen skal framførast og korleis talaren skal eller bør opptre

Kle seg anstendig til jobbintervjuet, sørgje for å ha blikkontakt med publikum under presentasjonen

 

At retorikken i utgangspunktet var tenkt i forhold til munnlege tekstar (t.d. talar) vert tydeleg i forhold til særleg den fjerde og femte fasen - memoria og actio. Likevel kan det meste av retorikken også brukast på både skriftlege og samansette tekstar.

Relatert innhald

Til fordjuping