Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Etikk

Toarmet vektstang

Etikk er læra om rett og gale. Ordet etikk kjem av det greske ordet ethos, som betyr «skikk og vane». Ofte har menneske ulike meiningar om kva som er rett og gale. Både livssyn, verdiar og kultur påverkar oss. Kva som er rett og gale, endrar seg og over tid. Besteforeldra våre hadde andre reglar enn vi har.

 
bildet viser en person i en labyrintYrkesetikk
Fotograf: Kirsty Wigglesworth

Bildet viser en hånd med en tabelettEtisk dilemma
Opphavsmann: © SXC. HAAP Media Ltd.

 

bildet viser et gammelt familiebildeVerdier
Opphavsmann: © SXC. HAAP Media Ltd.

 

Bildet viser fire mennesker, en nøkkel, et spørsmålstegn og noen brikker Holdninger
Opphavsmann: Steve Woods
«Hvilken vei bør jeg velge? Mangen vei står meg åpen, og i valget kjenner man vismann fra tåpen.»

(Fra Peer Gynt av Henrik Ibsen / Den store sitatboken1 )

Når du skal arbeide i restaurant- og matfagbransjen, må du innrette deg etter andre menneske. Du vil møte menneske som kanskje har eit anna syn på rett og gale enn du sjølv har. Da vil kunnskap om etikk kunne hjelpe deg til å velje rett.

bildet viser en tegning av et menneskeMenneskesyn
Opphavsmann: Rodrigo Ortega
bildet viser et menenske ved skilt som viser valg Etikk
Fotograf: Lars Wittrock

Tenk over

Etikk handlar om ulike tema, og desse er symboliserte med bilete i kolonnen til høgre.

  1. Lag eit tankekart for kvart av temaa. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskolen?
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller du kan lage ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av bileta på sida.
  5. Diskuter kva sitatet over betyr.

Tilrå
23

Kompetansemål

Oppgåver

Praktisk stoff for

Relasjon

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve