Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Vi bruker multimeter på lys

Du blir beden om å hjelpe til for å finne ut kvifor den eine lampa i køyrelyset på ein bil ikkje lyser. Du har tilgang til eit digitalt multimeter. Beskriv korleis du går fram for å finne ut kvar feilen ligg.

  1. Kor stor resistans har ei lampe som skal koplast til 12 volt når det går 2 ampere gjennom ho?
  2. Kor stor straum går det gjennom ei lampe med ein resistansverdi på 2,4 ohm når ho er kopla til 12 volt?
  3. Ei lampe har ein resistans på 10 ohm og ei anna har 15 ohm. Kva lampe går det mest straum gjennom?
  4. Kor stor effekt har ei lampe som blir kopla til 12 volt når det går 5 ampere gjennom ho?
  5. Kor stor effekt har ei lampe som blir kopla til 12 volt når ho har ein resistans på 1,2 ohm?
  6. Kva er grunnen til at somme materiale er gode leiarar av straum og andre materiale ikkje leier straum? (Forklar det med korleis eit atom er bygd opp.)
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2018

Læringsressursar

Måling av straum, spenning og resistans