Tankekart og andre metodar
Evernote
Med Evernote kan du samle ideane dine.
Video om Evernote
Denne videoen forklarer kva Evernote er, og kva du kan bruke det til.
(blir vist i større vindauge)
Opphavsmann: EvernoteAndrew
Hipster PDA
Ein treng ikkje alltid vere digital. Det er framleis lov å vere analog.
Rite in the rain
Ei analog notisbok som fungerer sjølv i regnskogen.
Quicksilver
Dette er ikkje eit plagg eller ein båt, men eit program for Mac hvor du kan samle ideane dine.
Remember the Milk
Norske sider forklarer kva tenesta går ut på.
Tankar og idear kan strukturerast på fleire måtar.
Evernote
Dette er ei netteneste der du kan samle alle ideane dine. Du kan bruke ein PC, ein mobiltelefon eller ei anna maskin som gir deg tilgang til www. Du kan samle idear frå tekstar, e-post, bilete og andre filer.
Hipster PDA
Merlin Mann har laga sin eigen analoge datasamlar som han ironisk kallar Hipster PDA. Det er rett og slett ein bunke blanke ark som blir haldne saman med ein binders.
I tillegg har han skaffa seg ein penn som kan skrive sjølv om han blir halden oppover eller under vatn. Du kan lese meir om Hipster PDA på nettsidene til Merlin Mann, ”43 Folders”.
Rite in the rain
Ei anna artig analog notisbok er ”Rite in the Rain”, som fungerer sjølv i regnskogen.
Quicksilver
Dette er eit program for Mac der du kan samle ideane dine. Programmet organiserer program og filer du bruker eller har brukt. Quicksilver ”lærer”, slik at programmet hugsar kva du har halde på med tidlegare eller gjort søk etter.
Launchy
Dette er ein ”Open Source”-versjon av Quicksilver, som kan brukast på Windows. Versjonen er nesten identisk med Quicksilver. Du kan også leggje til tekst i filer.
Remember the Milk
Dersom du ikkje vil installere noko på maskina, kan du bruke denne nettenesta. Remember the Milk har norske sider som forklarer godt kva tenesta går ut på, og kva du kan bruke henne til.
Gode gamle notisblokk
Alle operativsystem har ein enkel teksteditor. Dersom du lagar ei mappe for idear, kan du lagre små tekstfiler der. Du kan bruke heilt enkle program som Notisblokk, BBEdit, TextEdit, Notepad+ og tilsvarande program. Felles for desse editorane er at dei er svært enkle å bruke til notat. Dei er også nyttige verktøy på den måten at du slepp å formatere tekst som du vil kopiere til andre program utan å ta med formateringa.
Det er smart å lage filnamn som fortel kva fila inneheld. På den måten er fila lett å kjenne igjen også. Dersom du startar alle filnamn med for eksempel eit tresifra tal, kan du lett sortere filene i stigande rekkjefølgje etter datoen du oppretta dei, for eksempel 000_idear til naturfagprosjekt.txt, 001_samtale med bente.txt, 002_naturfagtime oksidasjon.txt, og så vidare. Da vil filene sortere seg slik:
- 000_idear til naturfagprosjekt.txt
- 001_samtale med bente.txt
- 002_naturfagtime oksidasjon.txt
Du kan sjølvsagt droppe tala og likevel sortere etter dato.
Oppsummering av tankekart
Eit tankekart er ei skisse som kan innehalde ord, omgrep, idear eller heilt andre element. Kvart element kan koplast til eit sentralt nøkkelord i midten ved hjelp av greiner.
Når du skal lage eit tankekart:
- Skriv eit sentralt nøkkelord midt på eit ark.
- Du kan òg teikne noko som representerer nøkkelordet.
- Teikne greiner ut frå ordet med assosiasjonar og koplingar til nøkkelordet i midten.
- Skriv nye ord på greinene.
- Greinene kan få nye greiner med assosiasjonar og koplingar.
Bruk tankekart til
- idémyldring
- notat frå lesing og lytting
- førebuing til prøver
- organisering av tankar
- problemløysing
