Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arv og avl – når to blir éin

Her finn du spørsmål til diskusjon og arbeidsoppgåver knytt til filmen "Bioteknologiskolen 2
".
Arv og avl – når to blir éin". Filmen handlar om dei grunnleggjande prinsippa for arv. Han introduserer sentrale ord og begrep, og drøftar forholdet mellom tradisjonell avl og ny teknologi.

Spørsmål

  1. Den eine jenta i filmen har krøllete hår som morfaren sin. Begge foreldra har glatt hår. Korleis kan ein eigenskap vere usynleg i éin generasjon, men dukke opp igjen i neste?
  2. Den eine guten i familien liknar meir på mor enn far. Korleis kan det vere slik når ein får like mange gen frå mor og frå far?
  3. Oksen 5848 Øygarden er opphav til over 50 000 avkom. Kva for konsekvensar kan slik avl få for genetisk variasjon? I kva for situasjonar kan det vere negativt at mange individ har felles genetisk materiale? I kva for situasjonar er det positivt?
  4. Sauer er i dag nesten ikkje i stand til å lamme utan hjelp frå menneske. Tidlegare miste sauene ulla, men i dag klipper vi dei. Her har mennesket påverka eigenskapane til dyra. Kva for eigenskapar meiner de at det ikkje er greitt å påverke?
  5. Rømd oppdrettslaks kan vandre opp i elvar der villaksen lever. Dei konkurrerer om mat, parar seg og overfører parasittar og sjukdommar. Forskarar kan utvikle steril oppdrettslaks. Meiner du dette vil vere eit godt tiltak for å verne villaksstammane?

Arbeidsoppgåve 1

Då Gregor Mendel oppdaga arvelovane, innførte han omgrepa dominant og recessiv og praksisen med å skrive dominante og recessive eigenskapar med stor og liten bokstav.
Mendel undersøkte mellom anna desse alternative eigenskapane hos erteplantar (Pisum sativum L.):


Dominant alternativ


Recessivt alternativ


Genvariant A – runde erter


Genvariant a – kantete erter

Genvariant B – gule erter

Genvariant b – grøne erter

Genvariant C – raud blomefarge

Genvariant c – kvit blomefarge

  • I eit forsøk kryssa Mendel først plantar frå ein stamme som alltid fekk runde erter, med plantar frå ein annan stamme som alltid fekk skrukkete erter. Avkommet fekk berre runde erter. Forklar korleis dette kunne henge saman. Bruk fagord frå genetikken som gen, genvariant, homozygot, heterozygot, dominant og recessiv i forklaringa di.
  • Når Mendel kryssa desse nye plantane med kvarandre, fekk avkommet derimot runde og skrukkete erter i forholdet 3 : 1. Forklar korleis det heng saman.

    Kjelde: eksamensoppgåve biologi 3Bi hausten 2007

Arbeidsoppgåve 2

Augefarge har ofte blitt brukt som eksempel på ein eigenskap som blir bestemt av eitt gen (monohybrid nedarving), der brunfargen er dominant over blåfargen. Det viser seg at nedarvinga er meir komplisert enn som så. Korleis varierer augefargen til elevane i klassen (farge, spettete, lys, mørk)? Prøv å gruppere dei ulike variantane. Kva for konklusjonar kan de trekkje ut frå dette? Samanlikn resultatet med Mendels erter som anten er gule eller grøne, glatte eller skrukkete.

CC BY-SASkrive av Snöball Film AS.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2010

Læringsressursar

Gen blir arva og endra