Hopp til innhald

Fagstoff

Når grupper ikkje fungerer

For å få gruppa til å fungere er det naudsynt å vere oppfinnsam og fast. Ikkje minst krev det tid. Det er ikkje gjort i ei handvending å snu ei dårleg utvikling.
To små tvillingjenter med kjolar og lyst hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Systematisk observasjon er viktig for å avdekkje funksjonelle problem i gruppene.

Reglar

Noko av det vi kan gjere, er til dømes å ha reglar alle må halde seg til. Alle barnehagar, skular og skulefritidsordningar har reglar som ein forventar at barna skal følgje. Reglar skaper tryggleik; vi veit kva som gjeld i visse situasjonar. Men skal dei ha nokon effekt, må den vaksne forklare kva føremålet er med dei, og kva det vil føre til dersom reglane blir brotne. Regelverket må òg avpassast etter alderen til barna. For mange og for strenge reglar kan gjere dei yngste forvirra.

Styrkje fellesskapskjensla

Vi kan setje i gang med aktivitetar der alle skal delta. Å dra på tur gir opplevingar som barna kan prate lenge om – anten turen går ut i naturen, ut i parken eller til eit museum. Når det nærmar seg jul, kan heile barnehagegruppa eller skuleklassen dra ut i skogen saman og hogge eit juletre. Å lage teater krev òg medverknad frå alle. Eller kanskje gruppa kan spele inn ein videofilm eller ei CD-plate saman? Med den teknologien som vi har i dag, er det relativt enkelt.

Rollespel

Barna får til dømes i oppgåve å leike ein familie, ein skuleklasse, eit arbeidslag eller noko anna, og å spele ut ein situasjon. Rollespel fungerer som sosial ferdigheitstrening.

Rollemodellar

Korleis opplever barna oss som vaksne? Er vi gode nok rollemodellar? Opptrer vi konsekvent? Er det usemjestemning mellom dei tilsette i personalet? Dårleg kjemi i vaksengruppa smittar lett over på barnegruppa.

Gi ansvar

Kan misstemninga i barnegruppa kome av at barna kjedar seg, at aktivitetane er for lite varierte, eller at det er for lite å bryne seg på? Dersom dei "bråkete" personane får ansvar for konkrete arbeidsoppgåver, får dei noko konstruktivt å bruke energien på.

Her er nokre kjenneteikn på at ei gruppe ikkje fungerer:

  • Atmosfæren i gruppa er spent.
  • Det oppstår stadig kranglar.
  • Barna er kritiske mot dei vaksne og vaktar på kvarandre.
  • Barna er kravstore, men ingen forslag til aktivitetar passar.
  • Gjengen driv berre føremålslaust omkring.
  • Eitt av barna dominerer over alle dei andre.
  • Barna sladrar på kvarandre.
  • Dei vaksne isolerer seg frå barna.
  • Barna provoserer og går til angrep på dei vaksne.
  • Kommunikasjonen er prega av tilsnakk, ordrar og forbod.
  • Barna kritiserer og mobbar kvarandre.
  • Enkelte barn trekkjer seg unna.
  • Barna er egoistiske.
  • Dei vaksne moraliserer overfor dei som gjer noko dumt.
  • Samværet er dominert av rutinar i staden for spontanitet.

Viktige oppgåver

Ei av dei viktigaste oppgåvene til barne- og ungdomsarbeidaren er å vere kreativ og heile tida ha idéar om korleis samhaldet i gruppa kan styrkjast. Vi må oppfordre, oppmuntre og ha idéar til aktivitetar.

Når barna blir eldre, kjem det eit større alvor inn i konfliktane. Motsetnadene kan bli djupare, og negative krefter kan øydeleggje eit godt miljø. Å endre det destruktive mønsteret krev kløkt og stor innsats av barne- og ungdomsarbeidaren.

Utfordringar til deg

  1. Nemn nokre kjenneteikn på at ei gruppe ikkje fungerer.

  2. Kva for verktøy kan vi bruke for å finne ut kva som skjer når ei gruppe ikkje fungerer? Kom med forslag til ulike metodar.

  3. På kva måte kan du som barne- og ungdomsarbeidar vere med og snu ei dårleg utvikling i ei gruppe? Kom med døme.

CC BY-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Grupper