Hopp til innhald

Fagstoff

Den didaktiske relasjonsmodellen

Omgrepet didaktikk har vore i bruk sidan oldtida, men har frå 1700-talet vore brukt i pedagogikken om det som har med undervisning å gjere.

Bjarne Bjørndal og Sigmund Lieberg utvikla i 1978 den didaktiske relasjonsmodellen for å gi lærarane eit verktøy for å planleggje undervisninga. Den didaktiske relasjonsmodellen er ein av mange modellar som kan brukast for å planleggje og gjennomføre aktivitetar.

Modellen legg vekt på ulike faktorar som er viktige i planlegginga av aktivitetar og undervisning, og relasjonen mellom desse faktorane. Han kan nyttast både i førearbeidet, planlegginga og gjennomføringa av ein pedagogisk aktivitet, og som eit verktøy for å reflektere over aktiviteten i etterkant.

Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar på ulike arenaer. Skule og barnehage har læreplanar og rammeplanar som styrer arbeidet. Det er naturleg å ta i bruk den didaktiske relasjonsmodellen når vi planlegg undervisning og aktivitet.

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ansvaret for å leie ulike aktivitetsgrupper. Det kan for eksempel vere ei bakegruppe i ei skulefritidsordning eller ei fotogruppe på ein ungdomsklubb. Den didaktiske relasjonsmodellen er eit nyttig verktøy når du skal planleggje aktiviteten.

Den didaktiske relasjonsmodellen er ein modell som bit seg sjølv i halen. Dei ulike faktorane i modellen følgjer ikkje ei bestemt rekkjefølgje, men påverkar kvarandre gjensidig. Blir ein av faktorane i modellen endra, påverkar dette dei andre faktorane. Dersom du skal måle med ei gruppe barn og har gløymt å setje fram vassglas, så påverkar det korleis aktiviteten blir gjennomført. Med denne modellen kan du lett finne ut kva for del i planen som ikkje gjekk som planlagt, og kva for del av planen som gjekk bra. Dette er nyttig informasjon som det er viktig at du tek med deg neste gong du skal planleggje ein aktivitet.

Mål

Før aktiviteten startar, må du som barne- og ungdomsarbeidar gjere deg tankar om kva du ønskjer barna skal sitje igjen med etter at økta er ferdig.

Innhald

Innhaldet i aktiviteten er det som skal lærast eller gjennomførast. Det vil vere ulikt innhald for ulike grupper barn. I skulen kan det for eksempel vere matematikk eller lesing, og i ein ungdomsklubb kan det vere foto i ei fotogruppe.

Rammefaktorar

Rammefaktorane er dei rammene som ligg til grunn for gjennomføringa. I skulen og barnehagen er det læreplanar og rammeplanar som styrer kva som skal skje. Rammefaktorar kan også vere staden der aktiviteten skal gjennomførast, kor mykje tid vi har til disposisjon, kompetansen til barne- og ungdomsarbeidaren, storleiken på gruppa og kva læremiddel som er tilgjengelege.

Deltakarføresetnader

Deltakarføresetnader er dei ulike kulturelle, sosiale, fysiske og psykiske føresetnadene som barn og vaksne møter med i situasjonen. Eit barn med nedsett funksjonsevne har andre føresetnader enn eit barn utan nedsett funksjonsevne.

Arbeidsmetodar

Gjennom arbeidsmetodane skildrar vi korleis vi heilt konkret vil gjennomføre aktiviteten. Vi tek utgangspunkt i føresetnadene både til barna og dei vaksne når vi skal gjennomføre aktiviteten.

Vurdering

Vurderinga bruker vi til å finne ut korleis aktiviteten fungerte, og om gjennomføringa var i samsvar med måla. Korleis var læringsutbyttet til barna? Kva kan vi gjere annleis neste gong? Kva har barna lært? Kva har vi som vaksne lært i planleggingsprosessen og gjennomføringa?

Relatert innhald

CC BY-SARettshavar: Amendor
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Læringsressursar

Planlegging